Amen!
Streiken har fått bosset til å flyta over. Under haugane med boss i Os finn vi ei åtvaring få bryr seg om.
Vi håper dei streikande har fått kvilt seg godt, for det blir tøft å koma tilbake i jobb.
Både i Askvik, i Øyane og på Halhjem flyter det no over av restavfall etter at BIR frå tysdag 29. mai slutta å samla inn restavfall.
Årsaka er streik som fører til stopp på energianlegget der restavfall blir handtert.
BIR har ikkje høve å lagra eller senda vidare avfallet, og samlar der derfor ikkje inn, verken frå konteinarar eller frå gjenvinningsstasjonane.
Effekten byrjar å bli tydeleg i Os.
Rundt fleire returpunkt flyter det med restavfall, og avfall som kunne vore kjeldesortert, som flasker, mat og papp.
Om det er bergensarar på hyttetur som set bosset sitt igjen i Os, lokalbefolkinga som er lei av dårleg lukt i boden, eller begge delar, veit vi ikkje.
Førebels er det YS stat og LO stat som er eininge i lønnsoppgjeret.
"Vi venter på ny mekling i det kommunale oppgjøret. Bir.no blir oppdatert straks vi vet når vi kan begynne å samle inn og motta restavfall igjen" skriv BIR på sine heimesider.
Desse kommunane er ramma: Askøy, Bergen, Fusa, Os, Osterøy, Samnanger, Sund, Kvam og Vaksdal.