Ambulansestasjonen til Moberg
Draumen om å samla blålysetatane på Moberg er eit steg nærare å bli ein realitet.
Prosjektleiar Tor Inge Døsen i Os kommune kan i dag fortelja at det er inngått ein intensjonsavtale mellom Os kommune og Helse Bergen.
Avtalen omhandlar flytting av Os-ambulansen til ein ny ambulansestasjon på Moberg, samlokalisert med legevakt og brannvesen.
– Det er mykje som gjenstår før alt er på plass, men vi håpar å kunne ha ein ny ambulansestasjon driftsklar rundt februar eller mars i 2017, seier Døsen.
Fleire har lufta ideen om ei samling av alle blålysetatane på Moberg.
Lensmann Oddbjørn Dyrdal kunne godt tenkja seg å flytta etter med sin etat.
– Eg har veldig lyst til å flytta til Moberg saman med dei andre naudetatane. Vi har eit svært god samarbeid på tvers av etatar, og dreg mykje nytte av kvarandre. Det hadde vore optimalt å flytta inn vegg i vegg. Men dette er det andre som bestemmer, og er difor berre ønsketenking førebels. Dette kjem nok til å avhenga av driftseiningsstrukturen no når politireforma trer i kraft, seier Dyrdal.