Alt vel i trafikken
Ei roleg helg gjorde at politiet prioriterte trafikkontrollar gjennom helga, med positive resultat.
Patrulja frå lensmannskontoret opplevde ei roleg helg, med lite fyll og bråk.
– Det gjorde at dei kunne prioritera å halde eit auge på trafikken og gjennomføre fleire trafikkontroller, fortel politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Både laurdag på dagen og på kvelden var patrulja ute.
– I 23-tida laudag kveld var dei i Sperrevikvegen/Lyseklostervegen. Der blei 19 kontrollert og alt var i orden.
– Det same var det då dei sto på Byvegen retning nord søndag formiddag i 11-tida. Der blei 53 kontrollert og også der var alt i orden.
– Vi er glade for at ingen blei tatt i kontrollane i helga. Det er det det vi ønskjer, at osingane køyrer lovleg, rusfritt og i tråd med trafikkreglane, avsluttar politioverbetjenten.