Lokal | 14. mai 2013
Alt i orden
Politiet: Alle hadde sitt på det tørre då politiet kontrollerte bilar på Byvegen måndag kveld.
Andris Hamretysdag 14. mai 2013 09:35
Måndagen blei ein relativt roleg dag for politiet i Os.
– Det einaste eg har å melde om er ein køyretøykontroll ved nye Rema 1000 i nordgående retning i går kveld.
– Patrulja kontrollerte 15 bilar og førarar og fann ikkje grunn til å reagera mot nokon av dei, seier politioverbetjent Terje Sperrevik ved Os lensmannskontor.