-Alt er gøy!
Video: På marknadsdagane fekk dei unge breakdansarane frå Tag The Floors dansestudio vist seg fram.
Som Midtsiden omtalte tidlegare i år så starta Veronica Halhjem opp dansestudio med kurs i hiphop og breakdance i januar i år.
Sjå film nederst i saken.
Viste seg fram
Laurdag tok elevane scena under marknadsdagane i Os sentrum, og det var litt av nokre triks dei unge gutane hadde lært seg. Dei unge dansarane briljerte med mange "moves", og publikum var tydeleg imponert over det dei fekk sjå på dansematta.
- Dei er så utrulig flinke og fleire av triksa har dei laga sjølv, seier ei stolt Halhjem.
- Eg kan ikkje sei berre ein ting som er kjekkast for alt er veldig gøy, fortel ein av elevane.
-Noregs beste til trenarar
Danseinstruktøren Hans Kristian Andersen kjem frå Absence Crew som er regjerande noregsmeistar i breaking. Dei har også turnert med sitt eigenproduserte show "Askeladden på nye eventyr" som blei vist for full sal i Oseana i fjor.
- Det er eit veldig godt etablert hip hop miljø i Bergen, noko som Veronica sa mangla her i Os, fortel Andersen
- Så då ho kontakta oss og fortalte at det var fleire som ønska å byrja dansa her, så ville eg bli med.
- Det har vore veldig gøy, og eg har kosa meg masse, fortel Andersen som etter sommaren skal vera med på ei framsyning med Absence Crew.
- Men då kjem ein av dei andre frå crewet til å ta over som instruktør.
Populært blant dei unge
- Breakdance og hip hop er veldig populært blant dei unge så ønsket er å bygga opp eit miljø for det her i Os, seier Halhjem.
Sidan Tag the Floors dansestudio starta opp på Kuhnletunet i februar i år har det vore 17 born på kursa som er frå 8 år og oppover.
- Vi startar opp igjen til hausten og håpar at enda fleire vil bli med.