Allsidig nykomar
Nore Neset idrettslag slår følgje med Søfteland, Søre Neset og Os Turn og arrangerer fotballskule i sommar.
Os Turn var først ute med Tine fotballskule, men Søre Neset var ikkje sein med også å få Tine som sponsor til å arrangera fotballskule.
I fjor starta også Søfteland idrettslag med fotballskule, og no hjelper Nore Neset idrettslag til med å tilby fotballskule.
- Vi har fått Umbro med som sponsor, og har fått nokre fine pakkar med utstyr til deltakarane, seier Jan Frode Skeie frå Nore Neset idrettslag, og MX Sport, som er ein av dei lokale sponsorane.
Ulike aktivitetar
Då idrettslaget byrja å diskutera fotballskule kom ideen om å fletta inn ulike aktivitetstilbod.
- Vi deler deltakarane inn i grupper, og tar nokon med på natursti til Liafjellet, andre får prøva friidrett, trampett og kampsport. Men det blir fotball kvar dag, forsikrar den tidlegare Panargeiakos-spelaren.
Fleire dagar - færre alderstrinn
Den nye fotballskule-arrangøren brukar stort sett vaksne instruktørar, og har derfor ikkje så mange å ta av.
- Vi har berre 100 plassar, og tar berre imot ungar fødd mellom 1997 og 2001.
Dei andre fotballskulane tar også imot både 6- og 7-åringar, og 13-åringar.
Tre og fire dagar
Skulane i Os tar sommarferie til ulik tid. Fotballskulane har heller ikkje dei same datoane:
Os Turn: Onsdag 24. juni til fredag 26. juni
Søre Neset: Måndag 29. juni til onsdag 1. juli
Søfteland: Tysdag 11. august til fredag 14. august
Nore Neset: Måndag 29. juni til torsdag 2. juli