Allsidig for alle
Os kickboxingklubb har starta på ny sesong. - Kickboxing er ikkje berre for dei som vil gå kampar. Det er ein utruleg allsidig treningsform, fortel Thomas Jensen.
Måndag denne veka starta Os kickboxing klubb opp vårsesongen i salen på Sprek og blid. Heile 10 nye ungdommar har kome til i løpet av dei to første treningane.
- Det er kjempe kjekt, men vi kunne ha ønskt oss at fleire vaksne hadde fått augane opp for kickboxing som treningsform.
- Ein treng ikkje gå kampar eller ta graderingar om ein er med å trenar kickboxing, forsikrar Thomas Jensen.
Brukar eigen kropp
Kickboxing er ein allsidig treningsform kor ein stort sett nyttar eigen kropp som treningsapparat.
- Skal du trena uthaldenhet, styrke, bevegelegheit, fleksibilitet, koordinasjon eller balanse er kickboxing det rette for deg, reklamerar trenaren.
- Du nyttar din eigen kropp heile tiden. Det var som ein sa etter treninga på mandag "Eg kjenner det i musklar eg ikkje visste eg hadde".
Jensen fortel at det første utøvarane merker framgang på er kondisjon og styrke.
- Balansen tek det litt lengre tid å trena opp, men også der vil utøvarane merka framgang, forklarar Jensen.
Gradering og Noregscup
Sjølv om mange held på med kickboxinga for treninga si del har klubben òg utøvarar som går kampar og tek graderingar.
- Rett før jul hadde vi gradering, kor alle som gjekk opp sto.
- Vi hadde faktisk to-tre stykker som gjekk dobbelgradering i same slengen, skryt Jensen.
I februar reiser klubben til Bergen for å delta i noregscupen.
- Vi stiller i allefall med to utøvarar, kanskje fire. Det kjem litt ann på om dei to som er usikre blir frisk frå skade, avsluttar Thomas Jensen.