– Alle skal vera nøgde
Kvalitetssikring 2 av E39 Svegatjørn - Rådal er levert finansdepartementet. Oppstart kan bli vedtatt til hausten. – Rapportane seier at alle var nøgde, fortel ordføraren.
Den eksterne kvalitetssikringa (KS2) av E39 Svegatjørn - Rådal har blitt overlevert finansdepartementet som grunnlag for utarbeiding av stortingsproposisjonen som skal ligga til grunn for utbygginga.
– Rapportane seier at det gjekk veldig bra.
– Prosjektorganisasjonen til Staten Vegvesen var nøgde, dei eksterne kvalitetssikrarane var nøgde og finansdepartementet skal ha vore nøgde, så no kan stortingsproposisjonen koma, fortalte ordførar Terje Søviknes (Frp) i formannskapet sist veke.
Truleg opp i haust
Ordføraren reknar med at proposisjonen (som er grunnlaget for stortinget sitt vedtak om finansieringa) kan bli slutthandsama i november.
– Mi spådom er at departementet får den ferdig ein eller anna gong før valet 9. september, men at den ikkje blir handsama før det nye stortinget trår saman.
– Det tyder at den truleg kjem til stortinget i oktober og at vi kan få endeleg vedtak i november.
Er i dialog
Allereie er det dialog mellom kommunen og vegvesenet i høve avståing av areal i Endelausemarka og lagring av masser frå tunnelldrivinga.
– Eg håpar prosjektorganisasjonen lyser ut dei første anboda parallellt med handsaminga i stortinget, fortalde Søviknes.
Dette er KS2
Kvalitetssikringa skal gje tilrådingar om:
- Kostnadsramma for prosjektet inklusive naudsynte avsetningar for usikkerhet, samt styringsramme for utførande etat.
- Korleis prosjektet bør styrast og organiserast for å sikra ei kostandseffektiv gjennomføring.