Alle fekk ny drakt!
Skandisport stilte opp på Stilvoll, med avtroppande sportsleg leiar, og nesten 100 unge fotballspelarar gjekk heim med ny drakt.
Torsdag blei ein kjekk dag for dei yngste fotballspelarane i Søfteland TIL. Sponsoren Skandinaviske Sportsimport AS kom med klubbutsal frå telt, og hadde i tillegg med seg drakter til 80-90 spelarar.
– Søfteland har blitt eit hjartebarn for oss, seier Martin Fauskanger frå Skandisport.
Selskapet blei starta i 2009, av fire fotballkameratar frå Haugesund, og klubbavtalen med Søfteland i 2011 blei ifølgje Fauskanger eit vendepunkt for det som i starten var ei bedrift med lager i garasjen til ein av eigarane.
Sidan har det vakse fort og selskapet har no eit treetasjers hovudkontor i Haugesund og består av Trond Egil Hansen, Roger Langaker, Kenneth Tvedt og Martin Fauskanger, saman med fire deltidstilsette.
– Vi såg etter eit merke som ikkje var representert i Noreg, og fann Macron, same merke som klubbar som Napoli, Leeds, Real Betis og Aston Villa er kledd i.
Avslutta med STIL
Avtroppande sportsleg leiar i klubben, Bjørn Mjelva, fekk vera med å dela ut draktene.
– Det har vore 10 fantastisk gode fotballår, både sportsleg og sosialt. Høgdepunktet sportsleg var nok då vi klarte å ta KM-gull med begge jentelaga våre hausten 2007.
– Dette var starten på eit samarbeid med Kalandseid som førte til at KIL-STIL-laga såg dagen lys, fortel Bjørn.
Nedturar har det vore få av.
– Det einaste eg kjem på er hauststormen som i 2006 som øydela store delar av den flotte grusbanen som var på Stilvoll. Men her jobba styret i STIL tett saman med heile bygda, så 20.september 2007 låg ein ny fin kunstgrasbane klar.
Bjørn har som kjent ikkje lagt fotballen på hylla, no held han på litt lengre sør i kommunen, som assistenttrenar for A-laget til Os.
– Dette blei ei fin avslutning på tida mi i STIL, det var naturlegvis veldig stas å dela ut drakter til så mange fotballglade barn, seier Bjørn Mjelva.