– Alle er unike!
Kunstutstilling med skulpturar laga av 4. klassingane i Osskulene. - Kvar og ein elev har skapt sin unike skulptur som vil følgja dei gjennom livet, helsa vegleiar Odd Olav Nøss.
Som ein del av den kulturelle skulesekken har elevane i 4. klasse på skulane i Os jobba saman med skultør og kunstnar Odd Olav Nøss ein dag i veka frå 20. januar til 14. mars.
- Det har vore utruleg morro, men samstundes intens.
- Eg må innrømma eg var ganske sliten etter ein dag saman med elevane, smilte Odd Olav Nøss då han opna utstillinga med dei omlag 230 skulpturane i gymsalen på Os barneskule laurdag.
Respekt og annerkjenning
Heile 250 kilo leire, 50 meter hønsenetting, 25 liter lim og 2500 (!) meter streng har gått med i produksjonen av skulpturane.
- Eg har utruleg respekt for kva elevane får til med litt hjelp.
- Dei har fort skjønt korleis dei kunne nytta hønsenettingen og strengen for å få den forma dei ønska.
- Det dei har skapt er deira unike verk og elevane viste stor respekt for kvarande sine produkt. Her var det aldri eit ondt ord, fortalde Nøss.
Estetiske fag viktig
Kultursjef Lisbeth Axelsen fekk æra av å stå for den offisielle opninga saman med Eva Mari og Levi frå 4. klasse ved Os skule.
- Odd Olav du har gjort jobben, og i år tok vi det eit skritt lengre i og med at vi har nytta leire òg.
- Eg har ein kjepphest, og det er dei estetiske faga i skulen. Eg trur prosjekt som dette vil vera med på å påvirka positivt også i dei andre faga.
- Eg håper vi ein gong i framtida kan tilby dette også i kulturskulen, helsa Axelsen som lot seg begeistra og overraska over dei mange flotte skulpturane.