Lokal | 05. des. 2013

Alle avgangar kansellert!

FosenNamsos legg ferja mellom Hatvik og Venjaneset til kai "inntil vidare". OPPDATERT 17:42: Sambandet opnar igjen.

Alle avgangar kansellert!
Ferja mellom Hatvik og Venjaneset ligg no til kai grunna uvêr i fjorden. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 05. des. 2013 14:45

Storm frå nordvest er på veg til Os og FosenNamsos Sjø informerer om stopp i ferjesamband mellom Os og Fusa.

– Vi kansellerer alle avgangar i sambandet Hatvik - Venjaneset i dag torsdag.

– Årsaka er vêrforholda. Sambandet er stengt inntil vidare, opplyser FosenNamsos.

Følg med å fosennamsos.no om kor tid sambandet opnar igjen.

Buss om Hegglandsdalen

Elevar og andre som har sitt daglege virke på Fusa fekk ein litt lengre skuleveg heim torsdag ettermiddag.

– Skulebussen må køyre rundt, så det kjem til å ta litt ekstra tid i dag, seier ein av elevane til Midtsiden.

OPPDATERT kl 17:42: Sambandet opnar igjen frå 17.30.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.