Aksjonerer for slagramma og pårørande
Kvar dag er det i snitt 40 personar i Noreg som får hjerneslag. No vil LHL Hjerneslag ha fleire «tilbake til en ny hverdag».
Landsforeningen for hjerte og lungesyke (LHL) har utvida sitt arbeidsfelt og oppretta LHL Hjerneslag.
Kvart år blir 16.000 nordmenn ramma av hjerneslag. 70.000 lever med gjennomgått slag, talet på pårørande er endå høgare.
– Altfor lenge har slagramma og deira pårørande kome i skyggen av andre grupper, men no må samfunnet også løfta fram deira interesser og behov og ta tak i dei utfordringane dei lever med, krev generalsekretær Tommy Skar i LHL Hjerneslag.
Mange slagramma får ulike formar for lammelse, språkforstyrrelser, synsproblem, angst, depresjon og utmattelse (fatigue).
– LHL Hjerneslag er LHL, Landsforeningen for hjerte- og lungesyke, sin organisasjon for personar som har hatt hjerneslag, deira pårørande og helsepersonell, fortel Karsten Berntsen i Os LHL.
Kampanjen «Tilbake til ny hverdag» har fokus på dei som blir ramma av slag og deira pårørande.
– Frå 28. mai til 12. juni køyrer LHL Hjerneslag ein riksdekkande kampanje. Vår aksjonsdag i Os blir onsdag 8. juni i Os Eldresenter (frå klokka 10), seier Berntsen
LHL Hjerneslag tilbyr:
• Rådgjeving
• Informasjon
• Samtale
• Rettigheiter
• Møteplassar
• Aktivitetar