Aksel (6) fann ein favoritt på Ostreffet
Os-treffet i dag: Os Amcar Club trassar regnet.
Andre pinsedag er det tradisjon tru tid for amcartreff på Os. Treffet varer etter planen frå klokka 11 til 15.
– Det er mogleg at vi framskyndar premieutdelinga, i tilfelle nokon blir våt og kald og vil heim, seier president Frank Hetleflåt.
I fjor var det strålande sol, mange gjestar og rekord med 167 utstilte bilar.
– Med regner vi har i år blir det mange færre, cabrioletar og andre godvêrsbilar stiller jo ikkje. Men vi bestemte oss for å gjennomføra likevel, matvarer til kiosken var allereie kjøpt inn, og det er kjekt å møtast for dei som kan, seier styremedlem Torleif Solstad.
– I fjor hadde vi 100 bilar inne før klokka 11, no er det 35 bilar på plass, fortel Solstad.
Etterkvart kom fleire buldrande inn, blant anna frå Odda, og det nærma seg 50 bilar i 12.30-tida.
Blant dei som var glade for at Os-treffet blei gjennomført, var Aksel Andersen Tøsdal (6).
– Han er veldig glad i bilar, og kunne namnet på mange bilmerke med det same han hadde lært seg å snakka, seier pappa Jon Øyvind.
– I dag var det berre til å finna fram regnklede og paraply og koma seg til Amfisenteret.
Etter flytting frå Os vgs til AMFI Os har Os-treffet stort sett hatt fint vêr.
I 2017 var det rekord med 102 bilar i utstilling, i 2018 blei det ny rekord med 137.
I 2019 var det grått og litt vått, og arrangørane måtte nøya seg med 102 bilar.
Etter pandemipause i 2020 og 2021 kom Os-treffet sterkt tilbake med 167 utstillarar og ny rekord med ein margin på beint 30 utstilte bilar.
Seinare i dag er det kåring av både beste van, beste pickup, arrangøren sin favoritt og people's choice.
Aksel har stemt.
Her er delar av årets utval: