Sport | 13. mai 2013

Aggressiviteten tilbake

Os slo Haugesund 2 3-2 måndag. – I dag var aggressiviteten der den skal vera, skryt Ostrener Tore Nielsen.

Aggressiviteten tilbake
Preben Borgen skåra Os sitt andre mål (foto: Andris Hamre)
Andris Hamremåndag 13. mai 2013 22:08

Bildeserie:

Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
Os - Haugesund 2 (foto: AH)
1 av 10

Os har slitt dei to siste kampane med 2-4 for Øystese og 1-4 for Stord. I båe kampene har ostrenaren etterlyst meir aggressivitet frå spelarane.

– Det var det eineste vi hadde fokus på i garderoben før kampen.

– Ein kan ikkje tru at ein kan spasera gjennom kampane, ein må stå på og kjempa heile vegen, seier Tore Nielsen.

Pressa høgt

Nielsen hadde tydelegvis nådd fram til spelerane. Dei sto høgt og pressa Haugesund med ei enorm innsatsvilje frå første spark på ballen.

– Eg er særs nøgd med første omgang. Det at spelarane held trøkket såpass bra heile omgangen er bra.

Presset førar til fleire store sjansar til Os, medan Haugesund har nok med å forsvara seg.

Sikker på straffe

Etter omlag 18 minutt blir Preben Borgen spelt gjennom og felt av Haugesund-forsvararen. Dommaren peikar resolutt på straffemerket, til store protestar frå dei blåkledde gjestane.

Straffa set Erik Kanestrøm kontrollert i mål.

Omlag eit kvarter seinare er det motsett som skjer. Erik Kanstrøm blir spelt igjennom, han legg ballen 45 grader ut til ein umarkert Preben Borgen som like kontrollert set ballen bak Haugesund-keeperen.

Hektisk andre omgang

Os freistar å halde aggressiviteten og presset oppe i andre omgang og lukkast delvis med det, men samstudes kjem fleire feilpasningar og personlege feil. Spelerane verker rett og slett litt stressa av å leie 2-0.

Vel halvvegs i omgangen glipp det for Osforsvaret og ein utspelt Anders Kloven må sjå Haugesund-spissen setta ballen i det opne Osmålet.

Tore på kontra

Haugesund jaktar utligninga, men er eigentleg aldri skikkeleg farleg frampå. I staden vinn Os ballen i eige forsvar og Tore Valvik set fart framover.

Frå høgre kanten legg han ballen inn foran mål. Ballen når Erik Kanestrøm på motsatt side som legg ein perfekt ball på hovudet til Roar Vestbø og 3-1, berre minutt før full tid.

– Roar gjer ein utruleg bra jobb når han blir kasta inn i det i dag. Christer blei sjuk i forkant av kampen, men Roar tok utfordringa på strak arm og legg ned ei imponerande innsats, skryt Tore Nielsen.

I toppstriden

Berre minuttet seinare er Haugesund igjen frampå og reduserar til 3-2, som òg blir stillinga til slutt.

– Det var ein kamp om å hamne i botnstriden eller toppstriden.

– No er vi med og kjempar der oppe, avsluttar ostrenaren med eit smil.

Med sigeren gjer Os eit byks oppover på tabellen og ligg no a poeng med Lysekloster på 3. plass.

Os - Haugesund2 3-2 (2-0)
Os sitt lag: Anders Kloven, Håvard Grøteide, Børge Borgen, Torkel Hjertnes, Per Merai, Stian Lunde (Håkon Kvittingen), Tore Valvik, Preben Borgen, Erik Kanestrøm, Egil Thuen (Stian Bakke), Roar Vestbø.

SJÅ TABELLEN

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.