Helse | 16. okt. 2024

86 av 139 hjartestartarar i Bjørnafjorden står som inaktive

62 prosent av hjartestartarane har «ramla» ut av kartet.

86 av 139 hjartestartarar i Bjørnafjorden står som inaktive
SYNLEG; MEN USYNLEG: Hjartestartaren mellom Catten og Osøyro Bakeri, er ikkje synleg i kart. Årsak? Nokon har ikkje svart på epost. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 16. okt. 2024 17:28

I dag, 16. oktober, er den internasjonale hjarte- og lungeredningsdagen.

Korrekt hjarte- og lungeredning åleine er ofte ikkje nok. For å få tilbake normal hjarterytme trengs ofte ein hjartestartar. Dess raskare det skjer, dess større sjanse for å redda liv.

Os Røde Kors og Fusa Røde Kors markerer dagen ved å arrangera gratis kurs.

I tillegg minner dei eigarar av hjartestartar på å registrera desse kvar sjette månad.

62 % er inaktive

Oversikta over kor hjartestartarane er, finn du i Hjertestarterregisteret (hjertestarterregister.113.no) og i appen «Hjelp 113», som du gratis kan lasta ned på telefonen din.

– Nett no er det registrert 139 hjartestartarar i Bjørnafjorden kommune, men berre 53 er synlege i kartet, seier Kristian Strønen på kartet.

86 av 139, altså 62 prosent av hjartesartarane i kommunen, er inaktive.

– Dei kan likevel vera brukande, og det kan vera livreddande at dei er synlege i app og online kart, seier Strønen.

54 av dei 86 inaktive er plassert i sentrale område i Os.

Hjartestartarane (53 av 139) i Bjørnafjorden. Kart: hjertestarterregister.113.no
Hjartestartarane (53 av 139) i Bjørnafjorden. Kart: hjertestarterregister.113.no

Årsaka til at dei ikkje står i kartet, er truleg mangelfullt svar på epost.

Eller at Hjertestarterregisteret har feil epostadresse til eigar.

Berre éin hjartestartar i Os sentrum?

For å vera sikker på at hjartestartaren er operativ og fungerer, krev nemleg Hjertestarterregisteret at eigaren stadfestar dette kva sjette månad.

Kvar sjette månad sender Hjertestarterregisteret epost til den som står oppført som eigar, der vedkomande må stadfesta at den er operativ. Til same epostadresse går det ut melding med påminning om skifte av batteri.

Feilplasserte Apotek1 sin hjartestartar er den einaste i Os sentrum - utanom Lurtanetunet. Kart: hjertestarterregister.113.no
Feilplasserte Apotek1 sin hjartestartar er den einaste i Os sentrum - utanom Lurtanetunet. Kart: hjertestarterregister.113.no

I Os sentrum finn du, i kartet, berre éin hjartestartar.

Det er Apotek1, som rett nok er plassert feil, ved Madan Ane, i kartet - som har vore flink å svara på epost.

– Vi vil oppfordra alle eigarar av hjartestartarar til å følgja opp.

– Treng dei hjelp, kan dei kontakta oss på Røde Kors, seier Strønen.

Livreddande utstyr - livreddande bruk

Statistikken viser at rask og korrekt utført hjarte- og lungeredning, i kombinasjon med bruk av hjartestartar, aukar sjansen for å overleva.

Men dette at ein av dei som kjem først til staden, veit kva han eller ho skal gjera.

Korrekt hjarte- og lungeredning åleine er ofte ikkje nok.

For å få tilbake normal hjarterytme trengs ofte ein hjartestartar. Dess raskare det skjer, dess større sjanse for å redda liv.

Video frå Røde Kors (2021):

– Vi køyrer mange kurs i året, både for bedrifter, offentlege etatar, skular i organisasjonar.

Til no i år har det vore over 20 kurs med til saman rundt 240 deltakarar.

– I samband med dagen i dag, har vi sett opp gratiskurs for privatpersonar.

Informasjon om kursa, der nokre av dei er digitale, ligg ute på «HLR-kurs Os og Fusa 2024».

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.