Lokal | 14. juni 2016

80 gjestedøgn på halvannan månad

Os hamn blir stadig meir populær. Hittil i mai og juni har Gitle Smaadal registrert 80 gjestedøgn, men framleis er det nokre gjengangarar som ikkje gjer opp for seg.

80 gjestedøgn på halvannan månad
Hamnesjef Gitle Smaadal ser til at alt er som det skal i Os hamn (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretysdag 14. juni 2016 15:47

Bildeserie:

Vaskerom i servicebygget (foto: AH)
Vaskerom i servicebygget (foto: AH)
Bad 1 var ope også i fjor sommar (foto: AH)
Bad 1 var ope også i fjor sommar (foto: AH)
I år er også Bad 2 pussa opp og klart til bruk (foto: AH)
I år er også Bad 2 pussa opp og klart til bruk (foto: AH)
1 av 3

Det fine vêret vi har hatt den siste tida kan sjølvsagt vore med på den auka trafikken i gjestehamna.

– Eg var nett inne og såg på statistikken. Der har vi registrert 80 betalande hittil i mai og juni. I tillegg kjem 80 brukarar av industrikaien som betaler kai- og lasteavgift.

– Eg fekk diverre ikkje henta ut tala frå i fjor, men inntrykket er at det er ei lita auke. Det virker som vi ligg høgare i besøk no enn tidlegare, fortel hamnesjef Gitle Smaadal.

Slit med gjengangarar

Sjølv om han ikkje er i hamna til ei kvar tid, merker han seg at det er nokre som nyttar dei kommunale bryggene meir eller mindre som si eiga heimehamn.

– Vi har nokre som går att, og som ligg her over tid utan å betala for seg. Det merkelege er at nokre av dei også gjorde det i fjor.

– I dag har eg nett hatt ein runde for å finna eigarane til dei båtane det gjeld og tatt ein prat med dei. Det er greitt å ligga nokre dagar om ein har ein god grunn til det, men det er pussig kor mange som har motortrøbbel, seier han med eit underfundig smil.

– Samstundes skal det seiast at hadde vi ikkje hatt hamneavgifta ville nok problemet vore større.

Nyoppussa servicebygg

Gjestane har no tilbod om enno betre fasiliteter. I tillegg til straum for dei som betalar hamneavgifta på 150 kroner, får båtgjestar no tilgang til to dusjar/toalett og eitt vaskerom.

– I fjor hadde vi berre eitt av bada i orden. I år har vi fått båe opp og gå. Vi hadde ei frostskade i vinter som gjorde at vi var litt forseinka, men frå veka etter påske har dei vore tilgjengeleg.

– Nøkler får ein hos Peppes. Der betalar ein òg for bruk av anlegget, forklarar Smaadal.

– Blir det mykje brukt?

– Nei, dei fleste har nok fasiliteter i båten dei heller bruker. Dei som berre er innom her, eller som ikkje søv i båten er nok ikkje så mykje innom, men dei som kjem fredag og reiser søndag hender det brukar anlegget, avsluttar Smaadal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.