Lokal | 26. jan. 2016
8 tatt i 40-sona
To menn meldt for bruk og oppbevaring av narkotika, åtte tatt i trafikkontroll på Søfteland.
Kari M. Lyssandtysdag 26. jan. 2016 09:25
Klokka 15 stilte UP seg opp i 40-sona ved Søfteland skule for fartskontroll.
– Dei skreiv ut 8 forenkla forelegg medan dei stod der, fortel politioverbetjent Audun Hadler Olsen frå Os lensmannskontor.
Høgaste farten som vart registrert var 57 km/t i 40 sona.
To tatt med hasj
Etter mistanke om narkotika så oppsøkte politiet ei adresse i Os måndag.
– Inne i bustaden var det to menn i 20-åra. Dei er meldt for bruk av hasj, i tillegg blei det funne hasj i bustaden, noko dei òg blir meldt for.
Begge har erkjent forholda.