75 år gamle HV stiller med uniform på jobb
I morgon er det jubileum. Då blir fleire av soldatane blant oss synlege «kor som helst».
Mandag 6. desember er det 75 år sidan Heimevernet var oppretta ved at Stortingsmelding nr 32 vart lagt fram og vedteken av Stortinget 6. desember 1946.
Heimevernet markerer det med «uniform på jobben-dagen» - for andre år på rad.
– Eg vil at soldatane i Heimevernet skal vera stolte over å gå med uniformen, og håper «uniform på jobben-dagen» vil visa arbeidsgjevarar, kollagaer, venar, familie og andre at HV er ein del av den nasjonale beredskapen, seier generalmajor Elisabeth Michelsen, sjef for Heimevernet.
Michelsen presiserer at ingen av soldatane er væpna.
Heimevernet består av 40.000 soldatar som har sivile jobbar eller studerer i det daglige.
Lokal markering
Heimevernet både på Fusa-sida og i Os blei oppretta på nyåret 1947. Os HV-område er det sørlegaste i bergensavsnittet.
– I starten var oppdraget til området mellom anna knytt til dei tyske forsvarsverka ein framleis kan sjå spor etter bak Oseana i Mobergsvika. Etter kvart vart det andre oppdrag, mellom anna med sikring av viktig infrastruktur, fortel kaptein Lars Torpe, områdesjef Os HV-område 09102.
I dag i bynære strøk bur det gjerne folk som gjer teneste i mange ulike HV-områder, men kvar kommune har likevel minst eit HV-område som er «sitt», og som er representert i kommunen sitt beredskapsråd.
– Her kan nemnast både den før så hemmelege fjellhallen på Solstrand og oppsetjingsplassen for mobiliseringshæren på Ulven. Vegnettet var og viktig, og på begge sider av Bjørnafjorden var det HV-troppar som, om naudsynt, kunne øydeleggja det.
Sidan starten har det lokale HV hjelpt til med både leiteaksjonar og med å sløkkja skogbrannar.
Os HV-område gjorde unna si markering av jubileet under den årlege treninga i slutten av september.
– På jubileumsdagen måndag 6. kan alle HV-soldatar og HV-veteranar gratulera seg sjølv med dagen og tenkja på den samfunnsnyttige tenesta dei har utført, seier Torpe.
Samlar inn gamle bilde
Det lokale Heimevernet kunne meir eller mindre direkte byggja på den svært godt organiserte motstandsrøsla som var her i området.
Det var smått med uniformar og utstyr i starten, men svært høg forsvarsvilje.
– Oddvar Eikemo og eg driv framleis og samlar lokal HV-historie.
– Dei som har gamle bilde eller annan HV-relatert informasjon frå gamle dagar må gjerne ta kontakt med meg (på epost ltorpe@mil.no), seier Torpe.