Lokal | 14. jan. 2016

7 og 8 månadar fengsel for svindel

To menn prøvde å driva handverkarfirma, fekk pengar av Nav mens dei jobba og betalte ikkje meirverdiavgift frå firma.

7 og 8 månadar fengsel for svindel
Bergen tinghus. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 14. jan. 2016 09:22

To menn i 30-åra, ein av dei frå Os, er dømt til 7 og 8 månadar fengsel etter å ha skaffa seg urettmessig utbetaling frå Nav og for fleire brot på bokføring- og ligninsloven.

Osingen fekk utbetalt 225.000 kroner frå 2011 til 2012, mens han, ifølgje retten, var i full jobb. Kompanjongen fekk ut 350.000 kroner i trygd i omtrent same periode.

Begge dei to tiltalte hevda at dei jobba mindre enn 50 prosent i firma, og hadde krav på trygd. Retten festa ikkje lit til forklaringa, og viste blant anna til uttak frå firma og køyrelister som skulle tilseia at begge var i nærmast 100 prosent stilling.

Dei to var dagleg leiar og styreleiar i to ulike handverkarfirma.

Mangla rekneskap og mva-betaling

Dei to handverkarane var òg tiltalt for bedrageri av 232.000 kroner i meirverdiavgift etter ikkje å ha sendt inn terminoppgåver frå slutten på 2010 til konkurs i 2011.

Frå neste selskap mangla det rekneskap frå 2012 til konkursopning i 2013.

Dei tiltalte forklarte at dei visste om beløpet og hadde plan om å betala det tilbake, men at dei førebels ikkje hadde råd. Dei hadde heller ikkje råd til rekneskapsførar.

«I vårt tilfelle er det snakk om en periode på 8 måneder hvor avgiftsbeløpene er forbrukt i den daglige drift. Retten legger til grunn at dette tidsmomentet medfører at det ikke var en kortvarig betalingsutsettelse de tiltalte tok sikte på men at de bevisst skjøv det hele foran seg i en uviss framtid» skriv Nordhordland tingrett i dommen.

Retten la avgjerande vekt på at det ikkje var ført rekneskap på over eit år, og at det i perioden har vore omsetnad i selskapet på om lag 4,2 millionar kroner.

Begge må sona

Begge tiltalte blei dømt for brot på straffeloven, bokføringsloven, merverdiavgiftsloven og ligningsloven.

Dei blei frikjent på eitt av seks punkt, å ikkje senda inn årsrekneskap og årsberetning for 2010.

Osingen blei dømt til 7 månadar fengsel, kompanjongen til 8 månadar. To månadar av dommen blei utsett på vilkår for begge domfelte.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.