60 år gamal stasjon skifta namn for tredje gong
I går kom Circle K-skilta på plass, 1. mars, 60 år (!) etter at han opna stasjonen, vil Henrik Eidsvik (88) feira det fjerde namnet.
Det siste året har Statoil-stasjonane skifta namn. Planen om namneskifte blei kjent hausten 2015, og denne veka var det stasjonen til familien Eidsvik sin tur.
– Måndag kom den første Circle K-logoen på plass, på skiltet med drivstoffprisane, i går fekk vi dekorert stasjonen. Endringane er berre utandørs, stasjonen blir som før inne i kiosken.
– Det er alltid kjekt med nye skilt, dei fleste Statoil-skilta har stått her sidan namneendringa i 1991, seier Nils Øyvind Eidsvik.
Han eig stasjonen, Osøyro Autoservice AS, saman med søstera Siv og faren Henrik.
Onsdag 1. mars blir det ei markering av nytt namn, fire dagar før 60-årsdagen til stasjonen.
Henrik var 28 år då han i 1957 opna BP. I 1983 skifta den namn til Norol, i 1991 til Statoil.
– Det er framleis folk som kallar stasjonen for BP og Norol. Eg er spent på kva dei kallar den no, kanskje OK, med sirkelen rundt K-en, seier Henrik med eit lurt smil.
• Les òg: Blir du staut av å synga i kor? (Henrik har vore medlem av Os Mannskor i 74 år)
I selskap med fleire tusen
Statoil Fuel & Retail var ein del av det integrerte olje- og gasselskapet Statoil ASA fram til 2010.
I 2012 blei selskapet kjøpt opp av franske Couche-Tard, ein av verdas leiande aktørar innan servicehandel. Retten til å bruka Statoil-namnet fram til 2021 var ein del av oppkjøpet.
Circle K er allereie Couche-Tards største og mest internasjonale varemerke. Det er i dag tusenvis av Cirkle K-butikkar og -bensinstasjonar i 14 land over heile verda.