6 gull og 6 sølv til Os
Etter 30-årsfest for klubben laurdag tok Os Karateklubb 12 medaljar i vestlandscup søndag. Brørne Aner og Armin Palislamovic vann kvar sine klassar.
For ei dryg veke sidan var det 30-årsfest for Os Karateklubb, toppa med telefon frå Tyrkia med melding om EM-bronse til klubbkamerat Åsmund Slettevold.
Laurdag for tre dagar sidan følgte klubben opp med fest for dei yngste og søndag var det rett i Laksevåghallen på vestlandscup for mange av utøvarane.
– Dei gjorde nærmast reint bord og det er ikkje tilfeldig. Mange har vist veldig stor framgang det siste året, for eksempel brørne Aner og Armin, seier trenar Vidar Mjånes.
Vann tre kampar 9-0
Aner vann juniorklassen med 6-0-siger over klubbkamerat Vegard Gjøsund i finalen, Armin vann klassen for gutar 12 til 13 år.
– Eg gjekk fire kampar. Finalen var mest spennande, det tok litt tid å dra sigeren i land, men 6-1-siger er eg nøgd med, seier Armin.
Dei tre første kampane vann han alle 9-0! I tillegg fekk han sølv i kata.
– Eg har tru på at brørne Palislamovic også kan gjera det skarpt i NM, seier Mjånes.
Fleire Os-finalar
Os Karateklubb tok til saman 6 gull og 6 sølv. I tillegg blei det 2 fine fjerdeplassar.
Og det var fleire reine Os-finalar.
Benedicte Bjelland møtte Elena Andrés i finalen og vann 8-0, Erlend Slettevold møtte Trond Blomberg i finalen og vann 10-0.
Erlend og Trond tok dessutan gull og sølv i kata.
Gull til Amanda Njøten
Bjarte Storum og Henrik Reed-Larsen leia deltakarane frå Os i kamp og det var fleire unge som gjorde det godt.
Blant dei yngre var Amanda Njøten blant dei som gjorde det best. Ho tok seg til finale i kamp og vann 3-0, i kata blei det sølv.
Ni år gamle Lars Eirik Vevatne tapte i kata, men vann ein av to kampar i fighting. Mathias Sørensen gjekk ein kamp 0-0 og tapte den andre.
Martin Klever Mjånes skåra 3 poeng i sin andre kamp, men tapte 3-8.