6 golf-innbrot på 3 månadar
Politiet i Os koplar inn etterforskingsgruppe mot mobile vinningskriminelle i jakta på dei som gjorde innbrot hos Bjørnefjorden Golfklubb.
Tysdag morgon blei det oppdaga at det i løpet av natta var gjort innbrot hos Bjørnefjorden Golfklubb.
Nokon hadde knust seg inn på to kontor i klubbhuset, eit gitter inn til proshop var brote opp og ein safe med nokre tusen kroner i var stolen.
– Vi har vore på staden og sikra spor og vi har gjort nokre undersøkingar, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
– Det viser seg at det, sidan mars, har vore innbrot hos tre golklubbar på Austlandet, i tillegg har det nyleg vore innbrot hos golfklubben på Voss og Åsane i tillegg til her på Os.
Politiet seier det ut frå åstadane ser ut til å vera tjuvar «i same modus» dei seks plassane.
– Vi har no vore i kontakt med MVK-gruppa (politietterforskarar mot mobile vinningskriminelle) i Bergen, for at dei skal kunna sjå innbrotet på Bjørnefjorden Golfklubb i samanheng med andre.