5,6 millionar til idrettsanlegg i Os
Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland Fylkeskommune tildelte 124 millionar til idrettsanlegg. 5,6 av dei til Os.
I sitt møte tysdag tildelte Utval for kultur, idrett og regional utvikling (KIRU) 124 millionar kroner til idrettslag i fylket. Dette er spelemidlar som skal gå til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
– Blant anna blei Os tilgodesett på fleire områder, fortel Olav Kvinge (H), fraksjonsleiar i KIRU.
5,6 millionar til Kuventræ og Os skytesenter
Det meste, 109,6 millionar kroner går til ordinære anlegg. Det låg føre 281 søknader for totalt 428 millionar kroner.
14,6 millionar kroner går til nærmiljøanlegg. Totalt var det kome søknader frå 115 anlegg for 24,4 millionar kroner.
I Os fekk desse anlegga tilbake spelemidlar:
- Kuventræ idrettsanlegg, Kunstgras - 2 500 000
- Kuventræ idrettsanlegg, friidrett m/kastfelt - 2 000 000
- Kuventræ idrettsanlegg, kunsgrasbane 1 rehabilitering - 561 000
- Os Skytesenter - finfeltbane 1-3 - 348 000
- Os skytesenter - finfeltbane 4-5 - 144 000
- Os skytesenter - bane for stang og felthurtigskyting - 144 000