– 52,4 millionar i pluss
Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas i Os kommune opplyste formannskapet i dag om eit overskot på heile 52,4 millionar kroner i 2015.
Overskots-nyheita gav god tone i formannskapsmøtet i dag.
Økonomisjefen sa at det gode resultatet er hovudsakleg på grunn av pensjon, og avkastning av fondsmidlane.
– Resultatgraden vår er på heile 5,55 prosent, noko som er veldig bra. No skal rekneskapen reviderast, men dette er resultatet slik det ligg føre.
– Vi har lågare kostnader med pensjon og reguleringspremie enn budsjettert. Eit positivt premieavvik. Lønnsoppgjeret er lågare enn venta. I tillegg har vi fått grei avkastning på finansplasseringane våre.
– Skatteinngangen og rammetilskotet vart betre enn frykta i november, og vi har eit overskot der også.
– Tenesteproduksjonen er også i balanse, nokon område er litt i underskot, og nokre har eit mindreforbruk. Men jamt over er tenestene i balanse, seier Kaalaas.