500 songarar i staseleg marsj
Bildeserie: I dag blei korfestivalen «Leve Sangen» opna.
To år etter «Leve Sangen 2014» er det denne helga ny korfestival i Os.
Deltakartalet har auka frå 18 til 23 kor og over 500 songarar gjekk i dag i tog frå Oseana til Osøyro for talar, song og offisiell opning ved ordførar Terje Søviknes.
Kor frå Sogn og Fjordane og Telemark er blant deltakarane, som inneheld 2 reine damekor, 9 mannskor og 13 blandakor.
Les òg: Tar imot 570 songarar
Tre av kora, Os Kammerkor, Os Vocalis og Lysekoret er, saman med arrangørane Os Mannskor, deltakarar på heimebane.
Tett med konsertar
Festivalen held fram med eit tett program utover laurdagen før kora samlast til fest i Nore Neset Aktivitetshus i kveld.
Det blir to konsertar i Oseanasalen, to i Os kyrkje, éin i Griegsamlinga i Oseana og éin i Nore Neset kyrkje, alle om laurdagen mellom klokka 12 og 17. I tillegg blir det «singers corner» på Amfisenteret, i år med scene og meir organsiert enn sist, meir som ein konsert.
I Os kyrkje vil òg nokre av kora koma inn som gjestar under gudstenesta søndag.
Her kan du sjå video og bildeserie frå Leve Sangen 2015.