43 nye elevar
Måndag startar barne- og ungdomsskulane etter sommarferien, med 43 fleire elevar enn i fjor. Her finn du kva tid elevane skal møta.
Klasselistene og undervisningsplanane er i desse dagar i ferd med å bli lagt siste hand på. I allefall dei ungane som skal byrje i førsteklasse har gjerne fått ny skulesekk, penal og anna naudsynt utstyr når dei måndag går inn på si skule for første gong.
– I år startar det totalt 267 elevar på første trinnet.
– Det er 18 færre enn i fjor, men likevel er den totale elevmassa aukande, fortel skulefagleg rådgjevar Ann Kristin Bolstad i Os kommune.
Då skulane tok oppteljinga eit par dagar etter skulestart i fjor var det total 2 476 elevar frå 1. til 10. klasse. Prognosane per 14. august syner eit totalt elevtal på 2 519.
– Dei endeleg tala blir ikkje klare før litt ut i neste veke, når vi faktisk veit kor mange ungar som møter opp.
– Ser vi på prognosene og samanliknar med tala frå i fjor har det netto flytta 22 born og unge til Os gjennom fjoråret, seier Bolstad.
Endringane per klassetrinn
Tabellen nedanfor syner antal elevar per klassetrinn i 2013 og 2012 med endring i antal elevar per trinn. Tala i parentes syner netto tilfytta elevar per trinn.
Totalt: 2519/2476 +43 (22)
1. trinn: 266/284 -18
2. trinn: 285/269 +16 (1)
3. trinn: 278/257 +21 (9)
4. trinn: 260/232 +28 (3)
5. trinn: 232/230 +2 (0)
6. trinn: 230/244 -14 (0)
7. trinn: 249/243 +6 (5)
8. trinn: 245/239 +6 (2)
9. trinn: 241/233 +8 (2)
10. trinn: 233/245 -12 (0)
Antal elevar per skule
Oversikta synar antal elevar per skule samanlikna med 2012 (i parentes).
– Den største endringa er nok på Lunde barneskule (tidlegare Søre Neset) kor det no er to-parallellar på dei tre første trinna, seier Bolstad.
Halhjem barneskule 74 (74)
Hegglandsdalen barneskule 64 (62)
Kuventræ skule 278 (274)
Lysekloster skule 141 (132)
Nore Øyane skule 53 (49)
Os skule 362 (375)
Lunde barneskule 256 (248)
Nore Neset skule 486 (480)
Søfteland skule 269 (271)
Os ungdomsskule 419 (411)
Når byrjar elevane?
Alle skulane startar måndag 19. august. Nedanfor finn du oversikta over kva tid dei forskjellege trinna skal møte.
Halhjem barneskule
1. klasse: kl. 10.00 – 13.00
2. - 4. klasse: kl. 08.30 – 13.00
SFO: kl. 07.30 og kl 13.00
Hegglandsdalen barneskule
1. trinn: kl. 09.30 – 13.10
2. – 7. trinn: kl. 08.30 – 13.10
SFO: kl. 07.30 – 16.00
Kuventræ barneskule
1. trinn: kl. 09.30
2. – 7. trinn: kl. 08.30
SFO: Vanleg opningstid
Lysekloster barneskule
1.- 7. trinn: kl. 08.15
SFO: kl. 07.15
Nore Neset skule
1. trinn: kl. 10.00 Symrasalen på Aktiviteshuset
2. – 10. trinn: kl. 08.30 i klasseromma
SFO: kl. 13.10 Ingen SFO før skulestart
Strøno barneskule
1. trinn: kl. 09.00
2. – 7. trinn: kl. 08.15
SFO: Vanleg opningstid
Os barneskule
1. trinn: kl. 09.00 (i gymsalen) – 11.45
2. – 7. trinn: kl. 08.30
SFO: Vanleg opningstid
Søre Øyane barneskule
1. – 7. trinn: kl. 08.30 (i gymsalen)
SFO: kl. 07.30
Lunde barneskule:
1. trinn: kl. 10.00 – 13.00
2. – 4. trinn: kl. 08.15 – 13.00
5. – 7. trinn: kl. 08.45 – 13.45
SFO: kl. 07.00 – 17.00
Os ungdomsskule:
8. – 10. trinn: kl. 08.30
Søfteland skule:
1. trinn: kl. 09.00
2. – 10. trinn: kl. 08.30
SFO: kl. 07.30 i gamle Søfteland barnehage
Velkomstklasse for minoritetsspråklege barn, kl 08.45 i gamle Søfteland barnehage