40 år med fagbrev
Astrid Breivik er like glad i hår, på dagen 40 år etter at ho besto svenneprøven.
Det er verken kake eller ballongar hos Toppen Frisør i dag, men truleg ein kaffikopp å oppdriva saman med ny sveis og ein god prat. Og 40 % rabatt på ein eller annan serie med hårprodukt.
– Eg klipper like fort som eg pratar, seier Astrid Breivik, med ein av stamkundane gjennom dei fleste av dei 40 åra, Tove Engeseth, i stolen.
– Ho blir berre betre og betre, seier Tove.
I dag er det 40 år sidan ho tok fagbrev. Svenneprøven blei tatt lokalt, Os hadde eigen svennenemnd, fru Bastiansen, Wenche Fagerthun og Hjørdis Haugland.
Ingen problem
Astrid er verken lei av faget, praten eller det noko fysisk krevjande yrket.
– Eg har ingen problem med verken skuldre eller viljen, kjem det kjapt frå den erfarne frisøren.
– Men ho har personleg trenar, styrketrening må til, skyt dottera Lena inn.
Tok hand om mor sine gjestar
Sidan 1999 har Astrid drive for seg sjølv i eit lokale plassert på det som i barndomen hennar fungerte som hagen til familien. Ho vaks nemleg opp i gamlesmio på Osøyro, om lag der Jernia-butikken Paul M Sælen ligg i dag.
– Det var ope mellom husa på den tida. Her sto vi og kasta ball i ytterveggen, fortel Astrid og peiker rett i speglet.
Interessa for hår kom tidleg, som liten måtte alle som kom på besøk finna seg i at vesle Astrid skulle kamma håret deira, om dei så kom rett frå frisøren.
– Eg elska hår. Det gjer eg framleis. Men det har ikkje alltid vore sånn at sjølve klippen var det som var viktigast for frisyren.
Leverte håret på måndagen - fekk det «montert» før helga
Vegen gjekk vidare frå å kamma mor sine venninner, og frå 11-12-årsalderen å setja opp mor sitt hår kvar einaste morgon, til å vera ryddehjelp hos Ågot Berge frå 1972.
I 1973 byrja ho på utdanninga si, så blei det jobb hos Anne Lise Orrebakken og Kari Søviknes på Anka Frisørsalong. I 27 år.
– Det var klipp den gong òg, men det meste handla om krølling og farging, det å setja opp håret var det store.
Astrid fortel om kundar som leverte laushåret om måndagen så frisørane kunne rulla det og lata det ligga til montering og oppsetjing før helga.
– Det er framleis mykje farging, men klippen har blitt viktigare, det er klippen som lagar frisyren.
81 år med fagbrev på veg til London og København
Med mote som fag blir oppdatering og fornying ei viktig brikke.
– Det blir kursing heile tida. Til helga skal vi til London, helga etter til København.
Då rekk dei fire frisørane hos Toppen kanskje òg å feira litt.
– Eg er ikkje den einaste med «rund dag», 16. september var det 20 år sidan Katrine Røttingen tok fagprøven. Benedicthe Johnsen har 9 år som faglært, Lena Stigen Mathisen har 12 år som frisør.