Sport | 30. mars 2016

4 x Kanestrøm

Erik Kanestrøm skåra fire av åtte (!) då Os banka Arna-Bjørnar i kampen om plass i NM. No håper Os-publikummet på Lysekloster i 1. runde.

4 x Kanestrøm
Erik Kanestrøm skåra fire, Stian Lunde (nr 66) eitt då Arna-Bjørnar blei sendt heim med 1-8 i sekken (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 30. mars 2016 21:07

Bildeserie:

Mikkelsen headar innlegg frå Kanestrøm mot mål. (Foto: KVB)
Mikkelsen headar innlegg frå Kanestrøm mot mål. (Foto: KVB)
Returen set Spangelo Haga i mål før minuttet var spelt. (Foto: KVB)
Returen set Spangelo Haga i mål før minuttet var spelt. (Foto: KVB)
Knut blir gratulert med skåringa. (Foto: KVB)
Knut blir gratulert med skåringa. (Foto: KVB)
Takle Eide har returnert til Os. Han la opp til 2-0 og skåra sjølv i 2. omgang. (Foto: AH)
Takle Eide har returnert til Os. Han la opp til 2-0 og skåra sjølv i 2. omgang. (Foto: AH)
Her set Kanestrøm inn 2-0 på innlegget frå Øystein. (Foto: KVB)
Her set Kanestrøm inn 2-0 på innlegget frå Øystein. (Foto: KVB)
Så blei Lunde felt og Os fekk straffe. (Foto: KVB)
Så blei Lunde felt og Os fekk straffe. (Foto: KVB)
Kanestrøm auka til 3-0 frå straffemerket. (Foto: AH)
Kanestrøm auka til 3-0 frå straffemerket. (Foto: AH)
Brenne måtte finna seg i strake armar i ryggen. (Foto: KVB)
Brenne måtte finna seg i strake armar i ryggen. (Foto: KVB)
Ein av dei få sjansane til Arna-Bjørnar var då Andrew Todd måtte opptre som sweeper. (Foto: KVB)
Ein av dei få sjansane til Arna-Bjørnar var då Andrew Todd måtte opptre som sweeper. (Foto: KVB)
Veteran Torkel Hjertnes var solid som midtstoppar (foto: AH)
Veteran Torkel Hjertnes var solid som midtstoppar (foto: AH)
Endre Brenne kombinerte fint med Øystein Takle Eide på kanten og kom til fleire innlegg (foto: AH)
Endre Brenne kombinerte fint med Øystein Takle Eide på kanten og kom til fleire innlegg (foto: AH)
Torgeir Lunde gliste breidt etter å ha avslutta skåringsballet (foto: AH)
Torgeir Lunde gliste breidt etter å ha avslutta skåringsballet (foto: AH)
Einaste skåret i gleden var at Rafael Villen Villen truleg er ute ein månedstid med skade i kneet (foto: AH)
Einaste skåret i gleden var at Rafael Villen Villen truleg er ute ein månedstid med skade i kneet (foto: AH)
1 av 13

Det tok berre eitt minutt før ballen lå bak Arna-Bjørnar-keeperen på Kuventræ onsdag ettermiddag.

Knut Spanglo Haga fekk æra av å opna ballet på ein retur frå keeper etter heading av Marius Mikkelsen.

Sjå fleire bilde/følg Midtsiden på Facebook

Kort tid seinare auka Os til 2-0 i ein kamp med stor sjanseproduksjon!

Os - Arna Bjørnar 8-1 (3-0)
Os sitt lag: Andrew Todd, Knut Spanglo Haga, Endre Brenne, Torkel Hjertnes, Adrian Valle, Torgeir Lunde, Erik Kanestrøm, Rafael Villen Villen, Øystien Takle Eide, Marius Mikkelsen, Stian Lunde.
Innbytarar med speletid: Sander Kvittingen, Håkon Kvittingen, Emil Halvér

Kanestrøm på straffe

Så var det klart for Kanestrøm-show.

2-0 kom berre fire minutt seinare. Kanestrøm kjem aleine gjennom midt foran mål etter at heimvende Øystein Takle Eide glir fint igjennom og slår hardt langs bakken til Kanestrøm.

Etter 25 minutt er det Stian Lunde som fossar gjennom. Superveteranen blir felt innanfor sekstenmeteren og Kanestrøm set straffa sikkert i mål.

Os har full kontroll over Arna-Bjørnar gjennom heile omgangen. Faktisk har ikkje gjestene ein einaste reell sjanse før pause, sett bort frå då Andrew spring godt utanfor sekstenmeteren og sklitaklar AB-spissen, reiser seg og spring vidare framover på banen - med ballen i beina.

Os har både eit skot i tverrliggeren frå Endre Brenne og Kanestrøm og endå ei avslutting som keeper får slått til corner.

– Dette er gøy å sjå. Os framstår jo som trygge, godt trente og speler med høgt tempo. No går vi for Lysekloster i 1. runde, var orda som gjekk att på tribunen.

Veteran og nykomar skåra

Andreomgangen startar med at gjestene prøver å koma litt meir med i spelet, men dei har ikkje mykje å by på. I staden er det Os som maler på med overgangar kor dei kjem rundt på kanten.

4-0 står Stian Lunde for, på hovudet etter eit innlegg frå Endre Brenne.

På 5-0 er igjen Erik Kanestrøm frampå. Eller kanskje vi skal seie bakpå. Kanestrøm står rett plassert på bakre stolpe og set sikkert inn innlegget frå Knut Spanglo Haga.

6-0 får Øystein Takle Eide gleda av å setja inn. Takle Eide blir spelt gjennom frå midten av banen og gjer ingen feil. Han set ballen hardt under keeperen.

Trøstemålet til Arna-Bjørnar kjem på laget sin einaste sjanse. Laget får corner, Os glipper i markering og ballen sprett over og forbi Andrew Todd i Os-målet.

Berre minutta etter er igjen Kanestrøm frampå og set inn sitt fjerde for kvelden. Emil Halvér runder på høgrekanten etter ein stikker frå Torgeir Lunde. Etter litt klabb og babb ender ballen hos Kanestrøm som heller ikkje denne gong gjer feil.

Nøgd trenar

Torgeir Lunde, som gjer ein kjempejobb på midten får gleda av å sette inn det åttande Os-målet. Lunde kjem fossande frå midtbanen. Øystein Takle Eide speler inn frå høgresida til Lunde som ikkje gjer noko feil.

– Eg synes det er mykje bra i dag, kjem som eit understatement frå ein tydeleg nøgd Hassan El Fakiri etter kampen.

– Vi kjem rundt på kanten, har mange fine kombinasjonar og skåringar og speler med mykje energi. Vi kunne fort hatt fleire mål i dag, oppsummerer han sindig før han innrømmer: Det var gøy å sjå på gutane ... i dag òg, smiler El Fakiri.

– No gjeld det å halda nivået oppe. Arna-Bjørnar er i serien vår, men om det er her nivået ligg veit vi ikkje.

– Kva tenkjer du om publikum sitt ønskje om å få Lysekloster på heimebane då?

– Eg har skjønt det at det er noko spesielt med å møta Lysekloster for Os. Men det er gøy det, om vi får eit lag som trekk publikum til Kuventræ, så kvifor ikkje.

Rafael ut med skade

Eit skår i gleda var at midtbane-anker Rafael Villen Villén måtte gå ut med skade etter eitt kvarter ut i andre omgangen.

– Det var litt kjedeleg med Rafael. No er ikkje eg medisiner, men eg tippar på at han har fått ein skade i kneet.

– Det såg ut som han fekk ei vridning. Vi må berre håpa på det beste, avsluttar Hassan El Fakiri.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.