Sport | 10. mars 2013
4. og 6. plass
Sverre Lunde Pedersen har starta verdscup-avslutninga bra. I dag går han 1500 meter.
Kjetil Vasby Bruarøysundag 10. mars 2013 09:07
I helga går dei norske skøyteløparane verdscupavslutning i nederlandske Heerenveen.
Fredag var det lagtempo, der Noreg kom på 4. og sisteplass på 3:43.99, 3.35 bak vinnarane, Nederland. Korea og Russland kom på 2. og 3. plass.
Laurdag gjekk Sverre 5000 meter, og der var han berre 1.24 frå medalje. Med tida 6:19,50 blei det 6. plass på osingen.
Håvard Bøkko kom på 7. plass, Sven Kramer vann på den fantastiske tida 6:10,78.
1500 meter søndag
Søndag står 1500-meteren for tur.
Sverre går i 8. par mot polakken Konrad Niedżwiedzki, som har nesten to sekund betre personleg bestenotering.
NRK2 viser løpet frå klokka 16.15.