4. klassingar forskar på vatn
Teknisk sjef Marianne Kramer fekk køyrd seg då elevar frå Halhjem barneskule vitja Os Vassbehandlingsanlegg.
Det var ei engasjert og ivrig gjeng 4. klassingar frå Halhjem barneskule som hadde tatt bussen til Hetleflåten og gått opp bakkane til Os vassbehandlingsanlegg onsdag formiddag.
– Bakgrunnen for besøket er at vi driv med eit forskningsprosjekt som heiter nysgjerrigper. Då vi skulle finna ut kva vi skulle forska på kom alle elevane med ulike innspel på tema. Ein av dei lurte på kvifor vatn ikkje smakar noko. Det var det fleire andre som blei nysgjerrige på òg, så vi fann ut at vi skulle forska på vatn.
– I fire veker no gjer vi ulike eksperiment, forklarar kontaktlærar Ingrid Reistad.
Godt førebudd
Reistad fortel at elevane hadde gledd seg til å vitja vassbehandlingsanlegget og at dei i norsken har om intervju, slik at eindel av dei nok hadde tenkt ut nokre spørsmål på førehand. At dei hadde førebudd seg godt og var ivrige viste spørsmåla dei kom med til teknisk sjef Marianne Kramer. Allereie før Kramer var i gang med presentasjonen sin hagla spørsmåla inn.
– Om de sender 10 liter vatn nedover, er det sant at det berre er 5 liter som kjem fram, undra ei av dei.
– Ja, faktisk så stemmer det. Mange av vassledningane vi har i kommunen er gamle og lekk. Det gjer at ganske mykje vatn renn ut før det kjem fram til krana di. Men vi jobbar mykje med å tetta ledningane sånn at meir skal komma fram. Faktisk er det blitt mykje betre i 2015 enn det var i 2014, fortalde Kramer.
Helst ikkje bading
Kramer fortalte at vatnet elevane frå Halhjem får i springen heime, til likes med dei fleste andre i Os, kjem frå Krokavatnet mellom Gaasand og Lønningdal.
– Om vi går på tur dit. Er det lov å bada då?
– Vi vil jo helst ikkje det. Vi vil jo at vatnet skal vera så reint som mogleg, sjølv om vi reinsar det før de får det i springen.
Den tekniske sjefen fortalde at ein i Os produserar 384 liter per innbyggar kvart døgn. Samstundes er det gjennomsnittlege forbruket mellom 150 og 170 liter vatn per innbyggar per dag.
– Vi klarar å bruke mindre og mindre vatn kvar dag fordi vi stadig tettar ledningar.
Forskjellig smak på Os og Kolbotn
Ei av gutane på enden av bordet hadde ikkje gløymt kva dei forska på.
– Kvifor smakar ikkje vatnet noko, undra han med ei alvorleg mine.
– Det gjer faktisk det. Ikkje mykje, men litt forskjell i smak er det. Som de høyrer så er ikkje eg frå Os. Vatnet der eg kjem frå, på Kolbotn, kor dei òg er flinke til å reinsa vatnet sitt smakar heilt annerleis enn det Os-vatnet gjer.
– Eg tykkjer Osvatnet er best, smilte Kramer.
Grunnen til at det smakar forskjellig kunne vera både kvaliteten på råvatnet, kva reinseprosessar som blir nytta og kvaliteten på leidningsnettet.