4 år med påfyll
Lesarinnlegg, Laila Marie Reiertsen: Den siste veka i denne stortingsperioden er på hell. Eg oppsummerer mine fire år.
Du verda! Eg har vore heldig som har fått opplevd så mykje. Sjølv om det vart til tider stort tempo på éin gong i starten etter valet i september 2009, må ein leggja det bak seg.
Eg vel heller fokusera på alt av kunnskap, opplevingar og ikkje minst alle dei menneska som ein har møtt, både i Norge og elles i verda. Det har vore minnerikt. Og det har gjeve meg for det meste påfyll i positiv lei vidare i livet.
Akkurat no er våre siste saker i arbeids- og sosialkomiteen blitt banka gjennom. Det vil seia, som i dei fleste saker, mot røystene til Framstegspartiet. Vel, det har no vorte betre då. I dei fleste sakene har det vore mot dei borgarlege sine stemmene, så her har det vore ei god utvikling.
Ei utvikling som kanskje blir omgjort til fleire borgarlege fleirtalsvedtak etter valet i haust.
Ja, for ein må innrømma at det ikkje alltid har vore lika kjekt å heile tida bli stemt ned. For sjølvsagt meiner vi at det er gode forslag. Noko som òg dei i posisjonen av og til har sagt. Men det nærmaste vi har kome til einigheit er vedlagt protokollen.
Det å sitja i arbeids- og sosialkomiteen har vore svært lærerikt. Det er eit stort og krevjande arbeidsfelt.
Saker som det har vore mykje arbeid med har vore lov om ny uføretrygd og uførepensjon, arbeidslivsmeldinga og den nye skipsarbeidstakarlova.
Litt artig at når det gjalt den nye skipsarbeidstakarlova (tidlegare sjømannslova frå 1974), så var det ordet sjømann, som blei omgjort til skipsarbeidstakar, som fekk mest merksemd. Og ikkje det at ein harmoniserte lova opp mot Arbeidsmiljølova. Sjølvsagt kan ein framleis seia både sjømann og sjøfolk. Men litt utvikling på sjø har det også vore. Og det tar seg kanskje ikkje heilt ut å snakka om ein gravid sjømann innan eit arbeidsliv som skal inkludera både menn og kvinner.
• I komiteen har vi behandla totalt 393 saker. Vi har hatt 29 eigne representantforslag.
• Eg har stilt 147 spørjetime- og skriftlege spørsmål og hatt 3 interpellasjonar. Mykje av dette har ført til vidare oppfølging i ulike media.
No når eg lukkar kontordøra for sommaren skal det først og fremst bli godt å koma heim til Os. I alle fall fram til det brakar laus med valkampen i frå august av.
Men samstundes er det ein del vemod. Det å ikkje sjå mange av dei som ikkje kjem inn igjen etter haustens val blir spesielt.
For mange av oss representantar har hatt gode samtalar og opplevingar saman. Noko som går på tvers av partigrensene.
Og sjølv om eg har takka ja til å stå som tredjekandidat for Fremskrittspartiet i Hordaland, så er det heller ikkje sikkert eg kan låsa opp kontordøra på Stortinget igjen etter 9. september. Det er det veljarane som avgjer.
Uansett så vil eg takka veljarane som ga meg denne sjansen! Eg håper tilliten blir fornya i september.
Ønskjer ein god og flott sommar til dykk alle!
Laila Marie Reiertsen
Stortingsrepresentant, Frp