392 stolar montert på to ettermiddagar
«Ny» tribune klar for kamp mot Fyllingsdalen laurdag.
I slutten av april var John Ole Johannessen og Karsten Røttingen til Ullevaal for å henta 400 stolar til Os Fotball, i løpet av to ettermiddagar er alle monterte.
Dei to faste dugnadskameratane fekk selskap av to nevenyttige arbeidslag.
– Medlemmar med skrumaskin blei invitert. I går dukka det opp 8, i noko finare vêr i dag hadde vi 6 stykker med oss. To passelege gjengar som jobba uventa fort!
– Dei fekk vater, skruer og kvar si rekke å montera, og så gjekk det unna. Vi hadde varsla dugnad i morgon òg, men den har vi avlyst, fortel «prosjektsjefane».
Stolane har nummer frå 800 til 1000, så det er fleire med same nummer, og dei står ikkje sorterte i rekkefølge.
Elddåp mot Fyllingsdalen i morgon
Dei første stolrekkene fekk elddåpen sin i går, då gutar 19 Os 2 snudde 0-3 til 4-3 over Sotra 2.
I morgon tar A-laget imot Fyllingsdalen (kampstart kl 16).
Huseklepp og resten av Fyllingsdalen har tatt 3 poeng på 4 kampar, Os har tatt 6.