3273 får tilgang onsdag
Onsdag 19. mars kjem sjølvmeldinga til dei 3 273 osingane som har registrert seg som e-brukarar hos Skatteetaten.
Omlag 890 000 nordmenn har registrert seg som e-brukar av Skatteetaten sine sider, av desse er 3 273 osingar. E-brukarane får sjølvmeldinga allereie i morgon 19. mars, medan resten av befolkninga må vente til 1. april.
- Elektronisk sjølvmelding gjev mange fordelar for brukarane, men også for Skatteetaten.
– Dei som har valgd å kommunisera på nett med oss for sjølvmeldinga først.
– Den digitale utviklinga har gjort det mogleg å tilby stadig betre løysningar for skattebetalarane. Sjølvmeldinga er utfyld på førehand og blir stadig enklare å endra og å levera på nett, seier skattedirektør Hans Christian Holte.
Meir enn dobla
Tal Midtsiden har fått frå Skatt Vest syner at antalet på osingar som no kommuniserar med Skatteetaten på nett har meir enn dobla seg frå i fjor.
– Per oktober 2013, i samband med skatteoppgjeret, var det 1358 av 13 098 skatteytarar i Os kommune som var e-brukarar.
– I dag er det 3 273 e-brukarar som er registrerte, altså meir enn ei dobling, fortel Øyvind Nicolaysen, mediakontakt for Skatt Vest.
Blir varsla på SMS
E-brukarane er dei som sjølv aktivt har valgd å kun motta elektronisk post frå Skatteetaten. Dei får ikkje sjølvmeldinga på papir.
E-brukarane får varsel på SMS og/eller epost om at sjølvmeldinga er tilgjengelig i Altinn og kan logga seg inn for å sjekka om postane stemmer og gjere eventuelle endringar direkte i sjølvmeldinga.
Lanserar pendlar- og reisefrådragskalkulator
Skatteetaten oppfordrar e-brukarane til å sjekke sjølvmeldinga, og føre opp beløp som ikkje er med. Det er særs viktig å hugse å få med alle frådraga ein har krav på.
På skatteetaten.no er det elektroniske kalkulatorar og vegleingar som skal hjelpa folk til å finna riktig frådrag. I år har dei laga fleire enkle hjelpemiddel for å sikra at folk ikkje betalar for mykje skatt.
- Vi får mange spørsmål om regelverket for reising og pendlarfrådrag. Difor lanserar vi i år ein elektronisk pendlarvegviser og – kalkulator, i tillegg til ein reisefrådragskalkulator. I fjor lanserte vi ein frådragsvegleiar. Dette skal hjelpa forlk å få sjølvmeldinga rett, seier skattedirektøren. fjor en fradragsveileder.