30 elevar i karantene ved Os vgs
Elev har fått påvist covid-19.
Os vidaregåande skule har i dag informert elevar og foreldre om eit smittetilfelle ved skulen.
– To lærarar og 30 elevar er i karantene, seier rektor Johan Henrik Lassen til Midtsiden.
Dei to klassane er i VG1. Alle andre elevar skal møta på skulen i dagane som kjem.
Karantena gjeld til 14. november. Dei som er sett i karantene blir oppfordra å testa seg.
- Les òg: – Dei unge smitta er nesten utan symptom (+)
Skulen har hatt planleggingsdag og seinare raudt smittevern-nivå, så eleven har ikkje så mange nærkontaktar.
– Vi har fått hjelp av Bjørnafjorden kommune til smittesporing og oppfølging, seier Lassen.
Assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale fortel at eleven bur i ein annan kommune og har testa seg der.