Sport | 03. juni 2013

3. plass til Øyvind Rein (23)

Noregs tredje sterkaste mann kjem frå Os.

3. plass til Øyvind Rein (23)
F.v.: Bjørn André Solvang, Ole Martin Hansen og Øyvind Rein. (Foto: Joachim Pedersen, Treningsforum.no)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 03. juni 2013 22:21

Sidan 2010 har osingen Øyvind Rein (23) prøvd å kvalifisera seg til Norges Sterkeste Mann. I fjor kom han til finalen, men landa på 10. plass.

I år hamna han endeleg på pallen.

– Eg fekk ein dårleg start med både utstyr, teknikk og småskade. Eg reiv blant anna opp handa og prøvde å lima den saman igjen med superlim, fortel Øyvind.

– Men så kom det seg. Frå 9. og 5. plass på dei to første øvingane til 3. plass og 2. plass på tre av dei fire siste øvingane.

Bildeserie og video

Øyvind fatta interesse for strongman-konkurransar då Raymond Lillemo budde og trente i Os.

I 2010 blei det 15. plass i kvalifiseringa, der berre dei 12 beste går vidare. Året etter hamna han på 13. plass.

I 2012 kom han på ein imponerande 6. plass i kvalifiseringa, og fekk delta i finalen for første gong. Der blei det 10. plass.

– Eg har blitt flinkare til å ta vare på meg sjølv og å unngå skadar. Eg bruker kiropraktor og tar massasje - og lyttar meir til kroppen, seier Øyvind om årsak til framgangen.

Les òg: I hardtrening

På Øyvind sin blogg kan du sjå video og lesa om alle dei seks øvingane.

På treningsforum.no kan du sjå bildeserie frå meisterskapen.

Slo Rørbakken

– Kvalifiseringa var på Drammen Torg fredag. Der blei det 7. plass på dei tre øvingane, framfor rundt 1000 tilskodarar.

Finalen gjekk i Drammenshallen laurdag. Opptak frå finalen blir vist på TV2 Zebra til hausten.

– Ole Martin Hansen var tittelforsvarar og Lars Rørbakken kom på 2. plass i fjor.

Rørbakken har vore mykje i Os og trent handbak.

– Pallen har sett ganske lik ut dei siste åra. Det var kjekt å koma opp i toppen, synest Øyvind.

Finalistane:
1. plass: Ole Martin Hansen - 50,5 poeng (tittelforsvarar)
2. plass: Bjørn Andre Solvang - 47,5 poeng
3. plass: Øyvind Rein - 38 poeng
4. plass: Lars Rørbakken - 37,5 poeng
5. plass: Henrik Hildeskor - 36 poeng
6. plass: Sigbjørn Søndeland - 28,5 poeng
7. plass: Kevin Larsen (26 poeng)
8. plass: Morten Halvorsen (21 poeng)
9. plass: Dag Rune Stangeland (20 poeng)
10. plass: Jørgen Aukland (15,5 poeng)
11. plass: Vidar Daae Vikøyr (15 poeng)
12. plass: Odd Inge Kvernberg (9,5 poeng)

Opna for internasjonale konkurransar

Med pallplassen er Rein kvalifisert til å delta i både Nordens Sterkeste Mann og i British Open.

– No blir det Nordisk på Storefjell tidleg i juli og British Open i starten av august.

– Eg veit ikkje mykje om konkurrentane, men kjem eg på pallen i ein av desse konkurransane så er eg kvalifisert til Verdens Sterkeste Mann.

– Men først må eg konsentrera meg om skulen, seier Øyvind, som går på høgskule på Hamar og skal levera bacheloroppgåve i morgon (!).

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.