3. plass i Skåla Opp
Øyvind Odland debuterte i Skåla Opp og kom på 3. plass i klassen 15 til 17 år. Fleire andre osingar hadde også gode tider.
Øyvind Odland sprang motbakkeløpet Skåla Opp på 1:32:27 og kom på 3. plass i klassen gutar mellom 15 og 17 år.
– Eg er ganske nøgd. Dette var første gong eg sprang Skåla Opp og løpet er mykje lengre enn dei eg elles deltar i.
– Eg hadde som mål i springa på rundt 1:30, og 1:32 og 3. plass er ok, seier Øyvind til Midtsiden.no.
Vinnaren av klassen, Rasmus Haugen, kom i mål på 1:23:35 medan Andreas Rausen på 2. plass brukte 1:28:39 på løpet.
Fekk fin flyt
Skåla blir rekna som Noregs høgaste fjell blant dei med foten i sjøen og det 8,2 km lange motbakkeløpet går opp 1848 høgdemeter.
– Eg opna for hardt og måtte roa tempoet litt. Då eg skrudde ned tempo blei eg passert av fleire, men så fann eg flyten og då henta eg inn igjen dei som gjekk forbi meg, og nokon til.
– Det var ganske inspirerande å passera 20-30 deltakarar siste halvdel av løpet, seier Odland.
Skaten raskast frå Os
Raskast uansett klasse var Jonathan Wyatt, som brukte 1.09.39 på det lange, bratte løpet.
Odland reiste med fleire frå Os, frå Opptur Motbakkeklubb og frå Søfteland TIL.
Geir Storetvedt Skaten var raskast frå Os, han sprang opp på 1:28:25, og kom på 6. plass i klassen menn 35-39 år.
Thomas Ølness og Kjetil Styrvoll frå Os var jamne. Ølness kom i mål på 1:38:22 og kom på 29. plass i klassen 23-34 år, Styrvoll sprang på 1:38:36 og kom på 20. plass i 40-44 år.
Klas Færøvik opna hardt, stivna og "spaserte" i mål på 1:41:01, godt nok til 28. plass i 40-44 år.