3 gull, 5 sølv, 16 bronse og 2 A-finalar til Os Roklubb
Helga 24. til 26. mai var Os Roklubb på den tradisjonsrike Stokkavannsregattaen.
Os Roklubb deltok med mange gode utøverar i alderen 10 til 50 år. Klubben nytta høvet til å ta med seg heim mange medaljar;
Fasiten etter helga vart 3 gull, 5 sølv, 16 bronse og 2 A-finalar til Os Roklubb.
Dette fortel Eirik Vevatne frå Os Roklubb.
Alle med medalje og pallplassering
I dei yngste klassane tok alle osingane medaljar og kom på premiepallen.
Klubben stilte med to utøvarar i den yngste klassen; Linn Kristin Vevatne (2 gull og 2 bronse), Lars Emil Bjørndalen Moberg (3 sølv og 1 bronse).
I klassen JC stilte klubben med fire utøvarar; Eivind Vevatne (1 sølv og 4 bronse), Matilde Ottesen Hustad (2 bronse), Marius Ottesen Hustad (2 bronse), og Emil Heidal Haugland (4 bronse).
– Os Roklubb har ein god mix dobbeltfirer i denne gjengen med roarar, seier Vevatne. Det skal bli spanande å følgja denne kvartetten vidare.
Suveren Vevatne
I klassen DJB stilte klubben med ein utøvar; Andrea Bastiansen Kvittingen.
– Andrea rodde eit strålande singelscullerløp, og kom på en god 3. plass. Kvittingen rodde òg dobbeltsculler med ei jente fra Bergens roklubb, og der kom dei til A-finalen. Kvittingen rodde i tillegg dobbel firer med Bergens roklubb.
Erik Vaktskjold rodde to løp på regattaen, og i singelsculler kom han til A- finalen. I Nordisk uttaket kom båten som han rodde inn på andreplass.
Lars Eirik Vevatne rodde inn til ein suveren 1. plass i singelsculler. Vevatne rodde òg ein 8`er i lag med Bergens Roklubb og der kom dei på 2. plass.
I Nordisk uttaket ble det denne gongen stong ut, men det er to forsøk att.
Os Roklubb sine masters damer, med Lisbeth Vevatne, Sissel Lothe Høvik, Ann-Sissel Ottesen Hustad og Hildegunn Heidal Haugland deltok i dobbeltfirer, og der rodde dei inn til en solid tredjeplass.