Korona | 01. sep. 2021
27 elevar i karantene
Eitt klassetrinn ved Søfteland barneskule er ramma.
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 01. sep. 2021 13:10
To elevar på 7. trinn ved Søfteland barneskule har fått påvist covid-19, opplyser Bjørnafjorden kommune.
Alle dei 27 elevane på klassetrinnet blir rekna som nærkontaktar.
– Dei er i karantene og vil bli testa så snart som mogleg.
Dei som er nærkontaktar ved skulen har fått beskjed. Alle andre skal vera på skulen som vanleg.
– Karantenen gjeld berre nærkontaktar, og ikkje deira husstandsmedlemmer.
Kommunen beslutta måndag å forlenga dei lokale tiltaka, som opprinneleg varte til og med i går.
Tysdag var det fire nye smittetilfelle, og august landa på til saman 95 smitta i Bjørnafjorden.