Sport | 12. juni 2013

263 turnarar til Kuventræ

Sundag blir det show på Kuventræ-graset når Os Turn inviterar til kretsturnstemne med turnarar frå heile Hordaland.

263 turnarar til Kuventræ
Turntroppen gler seg til å ta imot turnarvener frå heile Hordaland på Kuventræ i helga. Her frå juleoppvisninga i 2011 (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 12. juni 2013 09:29

Med nær eitt års planlegging er turnarane i Os Turn klare til å ta i mot turnvener frå heile Hordaland til kretsturnstemne på Kuventræ i helga.

– Dei første kjem allereie fredagen.

– Laurdag blir det trening på oppvisningsprogrammet for alle dei 19 troppane som er påmeldt, før laurdagen avsluttast med bankett i Oshallen på kvelden, fortel Anne Lise Berge og Sidsel Jordal i arrangementkomiteen.

Frå meny til Kuventræ

Sundag skal dei 263 turnarane defilera (gå i tog) frå Meny i Industrivegen, via Nedre Varåsen til idrettsparken på Kuventræ.

– Med oss har vi to korps som skal syta for taktfaste toner på vegen.

– Når vi kjem på Kuventræ blir det først taler og helsinger til stemnet før alle laga syner sitt program.

– Arrangementet her oppe kjem til å vara ein times tid, så det er berre å ta turen opp, fortel dei to der dei skuar utover anlegget frå terrassen på klubbhuset.

Deltakarane kjem frå Etne i sør til Lindås i nord og spenner frå 18 til over 90 år.

– No er ikkje vêret spådd å bli det beste, men det bryr vi oss ikkje om. Turnarane lar seg ikkje stoppa.

For tredje gong på Os

Dei to ivrige arrangørane fortel at det var litt tilfeldig at det blei Os som blei vertsskap for årets kretsturnstemne.

– Det var då vi var på samling i fjor at vi blei utfordra på å ta arrangementet.

– Vi såg på kvarandre og sa, kvifor ikkje. Men det var meir jobb enn vi hadde sett for oss, smiler dei driftige damene.

Dette er tredje gongen Os Turn er arrangør for kretsturnstemnet, sist var i 1981.

– Vi er ikkje heilt einige i gruppa kortid var den første gongen, men meiner det var midt på 70-talet.

Klare for landsturnstemnet

Stemnet er ei fin oppkøyring for Osturnarane før det store landsturnstemnet på Hamar helga etter.

– Då reiser vi ein tropp på 24 turnarar med buss til Hamar for å delta der.

– Det skal bli utruleg kjekt, avsluttar dei to med eit smil.

Landsturnstemnet arrangerast kvart fjerde år. I tillegg pleier troppen frå Os delta på Vestlandsstemnet som også arrangerast kvart fjerde år, men med to års forskyvning i høve landsturnstemnet.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.