26-0 på 2 kampar
5. div.: Lysekloster viser at dei er førebudd på 4. divisjon, Søre Neset kjempar vidare om opprykk i kveld.
Lysekloster, som for lengst er sikra opprykk, tok søndag kveld sesongens største siger.
Etter ny 11-0-siger over Baune 2 i førre runda glimta dei til med heile 15-0 over Laksevåg 2 på heimebane.
– Vi vann berre 3-1 borte før sommaren i det vi sjølv synes har vore vår dårlegaste kamp til no, så vi gjekk utpå for å visa at vi kan betre, seier trenar Ørjan Sandal.
Betre viste dei seg å vera, men det gjekk 20 minutt før første skåring kom.
Lysekloster - Laksevåg 2: 15-0 (7-0)
Målskårarar: Torbjørn Birkelund 4, Øyvind Olsen 4, Christian Almeland, Jonatahn Gade Utne, Thomas Sandal, Christoffer Robin Larsen, Morten Sætre, Baste Jonassen og Morten Buvik
– Torbjørn Birkelund og Øyvind Olsen spelte berre éin omgang kvar som spiss, men skåra 4 mål kvar. Til saman hadde vi 9 målskårarar, det var litt kjekt.
Ny heimekamp på Bjørnen
Søre Neset kjempar også om opprykk, for nest beste lag i avdelinga rykker også opp til 4. divisjon. Men sørenesingane gjorde innspurten ekstra spennande ved å tapa 2-3 heime for opprykkskonkurrent Solid.
Det er no heilt ope mellom Søre Neset, Solid (35 poeng) og Rosendal (32 poeng).
Søre Neset har éin kamp mindre og 31 poeng før heimekampen mot Vadmyra 2 (8. plass) heime i kveld klokka 18.30.