2.200 var utan straum
BKK Nett har no funne årsaka (oppdatert).
Måndag mista fleire abonnentar, blant anna Askvik og Drange, straumen.
Straumbrotet er notert klokka 12.49. I starten var 2.200 utan straum.
– Vi veit foreløpig ikkje kva som er årsaka, men har folk på saka, seier Svein Ove Søreide hos BKK Nett.
– Det er heldigvis ingen kritisk infrastruktur som er ramma.
Kysthospitalet i Hagavik har med andre ord styrt klar, om kartet er rett og Søreide har fått korrekt informasjon.
Det er notert antatt utbetring klokka 15.00, men BKK Nett veit som sagt foreløpig ikkje årsaka, og vil koma tilbake med meir informasjon.
Status kan du òg følgja på BKK Nett sitt kart over straumbrot. Trykk på pila for informasjon i tekstform.
OPPDATERT kl 14.20: Alle utanom 2-3 abonnentar har no fått straumen tilbake.
– Vi har kopla om, så mange har fått straumen tilbake, men veit foreløpig ikkje årsaka til straumbrotet.
– No er meir avansert måleutstyr på veg til staden, så vi kan driva meir omfattande feilsøking, seier Søreide.
OPPDATERT kl 15.10: BKK Nett har no funne feilen.
– Den er i ein kabel som ligg i bakken, så vi må no i gang med gravearbeid, seier kommunikasjonsrådgjevar Anne Mette Tuvin.
Skaden har ikkje oppstått som følgje av brå, ytre påverknad.
Dei tre siste som ikkje har straum er ei bedrift, ei hytte og ein bustad i Torsvikvegen. Desse blir ikkje kopla om, men må venta til feilen er utbetra før dei får straumen tilbake.