215 trassa regnet
Tour of Norway for Kids sette nok ein gong rekord på Osøyro. Her er vinnarane av dei finaste premiane.
Torsdag var det for tredje gong tid tid for Tour of Norway for Kids på Osøyro.
– Det var ikkje få epostar eg sendte for å få dei til Os første gong.
– Eg la gjerne litt på når det kom til kor viktig dette var for oss som ny Joker-butikk, seier tidlegare butikksjef hos sponsor Joker Os, Roger Turøy.
I dag var han publikum til det som var ein suksess både i 2009 og 2011.
I år møtte 215 syklistar frå barnehagealder til 14 år opp for å kappsykla 1, 2, 3 eller 4 rundar, avhengig av alder.
Arrangementet gjekk knirkefritt og effektivt, med TV2 ringside med kamera for opptak til sending før Tour de France-sendinga i kveld.
Då alle hadde sykla sine rundar gjekk det rett til trekning av hovudpremiane.
Her er premiane og vinnarane:
Prikkete klatretrøye: Oliver Vik
Grønn poengtrøye: Hanne Toft
Gul leiartrøye: Martine Bjelland
Merida sykkel: Jonathan Nyhamn Olsen
Midtsiden kjem tilbake med bildeserie og video.