Lokal | 03. juni 2011

2,1 mill i pluss

Økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas la tysdag fram eit rekneskap for 2010 med 2,1 millionar kroner i overskott på drifta.

2,1 mill i pluss
Andris Hamrefredag 03. juni 2011 10:57

Formannskapet handsama tysdag Os kommune sitt årsrekneskap som syner eit overskot på drifta på vel 2,1 millionar kroner.

Desse pengane ville rådmannen nytta til å dekkja utgifter premieavvik (pensjon) i 2011, men det fekk han ikkje tilslutning til frå formannsskapet.

Dei fatta i staden ei innstilling til kommunestyret om at overskotet vert satt av til disposisjonsfond for formannskapet. Dei ba òg om at administrasjonen kjem attende med ei eiga sak om inndekking av underskotet på investeringsrekneskapen i tråd med rådmannen si innstilling.

"underskot" på investeringane

Saksframlegget syner eit underskot på investeringsrekneskapen for 2010 på 36.786.931.

I følgje økonomisjefen synar underskotet ikkje berre overskridingar på prosjektrammer, men òg eit avvik mellom løyva tildelingar og det faktiske forbruket.

- Merka at underskotet på investeringsrekneskapen ikkje berre gjeld overskriden prosjektramme, slik vi normalt tenkjer når vi høyrer ordet underskot.

- Eit investeringsprosjekt kan i mange tilfelle gå over fleire år, med tilmålte løyvingar kvart år. Rekneskapen vert likevel gjort opp 31.12 kvart år, og dersom eit prosjekt eit år har brukt meir pengar enn løyvingane det året, vil rekneskapen det året visa eit underskot, sjølv om den totale kostnadsramma skulle halda, skriv økonomisjefen i sakspapira.

Tilrår mellomfinansiering av Oseana

Ein annan situasjon som kan oppstå i tilhøve til investeringsrekneskapen er at ein kan få problemar med finansieringa, til dømes når den forutset sal av andre eigedomar.

- Dette er tilfelle for prosjekt 138 Oseana, der underskotet knyt seg til manglande finansiering, m.a. sal av eigedom og tilskot frå ymse bidragsytarar.

- Når det gjeld sal av eigedom er det venta at dette kan ta endå noko tid då området rundt Fjellheim må omregulerast før sal. Ein bør vurdera å nytta "opsjon" på mellomfinansiering (lån), der renteutgiftene vert dekka av avsette midlar til føremålet frå Grieg Foundation, tilrår økonomisjef Ingrid Karin Kaalaas.

Saka skal endeleg handsamast av kommunestyret 14. juni.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.