2013-gasellene i Os
Dagens Næringsliv har kåra fem gasellebedrifter i Os i år, mot fire i fjor.
"Gaselle" er eit namn Dagens Næringsliv har innført for norske bedrifter med ryddig økonomi og jamn vekst over fleire år. Av alle aktive bedrifter med omsetnad over 1 million kroner er det kvart år berre cirka 5 prosent som kan kalla seg gasellebedrift.
Gasellebedrifter må ha:
• Levert godkjente rekneskap
• Minst dobla omsetnad over fire år
• Omsetnad på over éin million kroner første år
• Positivt samla driftsresultat
• Unngått negativ vekst
• Vore organisert som aksjeselskap
Torsdag blei lista over gasellebedriftene i Hordaland publisert.
På topp 5 i fylket ligg:
1. Aker DOF Deepwater AS
2. Straume Entreprenør AS
3. Bergen Personal AS
4. Vestland Management AS
5. Apply LQ Partner AS
Gasellene i Os i 2013
(med plassering på lista for Hordaland)
52. Andersland Transport AS
Omsetnad i 2012: 5,7 millionar kroner
Driftsresultat: 1,4 millionar kroner
117. Fusa Apotek AS
Omsetnad i 2012: 11,8 millionar kroner
Driftsresultat: 0,8 millionar kroner
157. Grunn & Betong AS
Omsetnad i 2012: 7,3 millionar kroner
Driftsresulat: 0,5 millionar kroner
169. Bergen og Omegn Eiendomsmegling AS
Omsetnad i 2012: 4 millionar kroner
Driftsresultat: 0,2 millionar kroner
173. Fløysand Tak AS
Omsetnad i 2012: 61,9 millionar kroner
Driftsresultat: 1,5 millionar kroner
På DN.no kan du sjå heile 2013-lista for Hordaland.
Fleire enn i fjor
I år viser DN ei liste over 5 gasellebedrifter frå Os.
Til samanlikning hadde Os 4 gasellebedrifter på lista som blei lagt ut i 2012.
• 3 gaseller i 2011
• 10 gaseller i 2010
• 12 gaseller i 2009
• 14 gaseller i 2008