20.000 står på spel
Når Lysekloster fredag speler sesongens siste heimekamp er det nok på tribunen den viktigaste sigeren kjem..
Jau, det blir kanskje spennande å sjå om andre enn Rosendal, som klarte 2-2, skal ta poeng frå Lysekloster før sesongen er over, men opprykket er for lengst i boks og haustformen så sterk at siste heimekamp neppe blir noko anna enn ein fest for laget som for lengst har sikra opprykk for tredje år på rad.
Men spenning blir det nok likevel på fredag, før, under og etter nest siste runde og siste heimekamp for Lysekloster, som tar imot Fitjar med kampstart klokka 19.
– Vi har trekningar og overraskingar, dette blir ein spennande kveld for mange, seier trenar Ørjan Sandal.
Kan vinna sydentur
Før sesongstart byrja klubben å selja på nyoppretta støttemedlemsskap, Lysekloster Patriot. Dei som betalte 200 kroner var, i tillegg til å støtta laget, med i trekninga av 8 premiar per heimekamp.
– Over halvparten av dei 750 støttemedlemsskapa vi prøvde å selja har før og under sesongen blitt selt, så det har kome inn mykje pengar. Store delar av potten har gått til premiekjøp, for målet var også å gjera det ekstra kjekt å vera på kampane våre.
Fredag skal dei siste 8 premiane trekkast, i tillegg er det trekning av årets hovudpremie, som er gåvekort på reise til Spania for to, eit gåvekort på 20.000 kroner.
Beste spelar og toppskårar
I tillegg til trekningane skal det ifølgje Sandal koma nokre overraskingar og konkurransar, eit opplegg verken publikum eller spelarar kjenner til. Internt i laget er det andre konkurransar som det snart blir funne vinnarar på.
– Vi har gjeve 5, 3 og 1 poeng til dei tre beste spelarane våre i kvar kamp i år. Kven som vinn spelarbørsen er det knytt spenning og prestisje til.
I tillegg blir det sjølvsagt ført liste over kven som har skåra mest.
Toppskårarane før dei to siste kampane:
1. Torbjørn Birkelund: 18
2. Thomas Greipsland: 16 (har spelt forsvar i haust)
3. Christoffer Robin Larsen: 12
I tillegg har laget to som har skåra 11 mål og 1 med 10 nettkjenningar.
Spelarbørs før dei to siste kampane:
1. Kim Krogsethagen: 28 poeng
2. Ole Kristian Olsen: 23 poeng
3. Øyvind Olsen og Baste Jonassen: 16 poeng (kvar)
Kamp og status
Lysekloster har vunne 5. div avd 2 og ligg med 58 poeng etter 20 kampar. Målforskjellen er på svimlande 122-14 (108 plussmål).
Dei to siste kampane går mot Fitjar og Eidsvåg (borte). Lysekloster slo Fitjar 6-0 på bortebane i vår og Eidsvåg 2-0 heime.