200 år med Linda
Spesialskreven for Oseana til Festspillene i Bergen. Legg ut på turné. – No eksporterar vi kultur frå Os, strålar Ole Tobias Lindeberg.
I samband med Festspillhelga i Oseana 23. - 25. mai har Oseanadirektør Ole Tobias Lindeberg og arrangementssjef Berit Steen fått laga to spesialframsyningar spesielt for kulturhuset. Ole Hamre skal komponera Osofonen - Lyden av Os.
– I tillegg skal eg endeleg få jobba saman med Linda Eide igjen, jublar arrangementssjef Berit Steen.
Ho var nemleg produsent på Linda Eide sin første TV-serie - Eide og Morris, kor Linda Eide køyrde land og strand rundt i ein liten Morris Mini.
Initativet til framsyninga kom frå Oseana, men ideen til framsyninga har Linda Eide kome med sjølv.
Feirar 200 årsjubileet
Framsyninga, som ho skal ha saman med musikar og komikar Sjur Hjeltnes er ei musikalsk særoppgåve med tittelen "200 år på 2 timar - inklusivert pause".
– Med utgangspunktet i grunnlovsjubileet har dei to laga ein personleg og alternativ historieskriving med digresjonar og sidespor til den offisielle norske historia.
– Vi kan venta oss mykje løye i god Linda Eide-ånd, med musikalske krumspring frå Sjul Hjeltnes. Her blir det nok alt frå Grieg til Grand Prix, forklarar Steen.
Som regissør har dei fått med seg Arvid Ones, kjend som regissør for mellomanna Ylvis og Christine Hope.
God dialog med festspeldirektøren
Ole Tobias Lindeberg fortel at festspelhelga kjem i stand etter ein god dialog med festspeldirektør Anders Beyer.
– Det er kult at festspillene vil vera med på dette.
– Saman med StorBergen er dei viktige bidragsytarar til dei to prosjekta som båe har sitt utspring herifrå.
– Vi er i ferd med å få til eit stadig betre og formalisert samarbeid med Festspillene i Bergen og å etablera oss som ein fast festspelsatellitt.
– For oss er det viktig å kunne vera med på å produsera eigne ting. Vi skal meine noko og ta plass også regionalt, seier Lindeberg.
På turné
Litt ekstra kjekt tykkjer Lindeberg det er at framsyninga med Eide og Hjeltnes skal ut på turné etter urpremiera på Oseana.
– Allereie er det klart at den skal på turné til Voss, Odda og andre perifere strøk som Logen i Bergen, ler Oseanadirektøren.
Premiera blir fredag 23. mai 2014.