20 sekund frå løyperekord
Svein Ivar Reiso vann Os Rundt på sterke 1.01,24. Samund Nordang blei beste frå arrangørklubben CK Henie.
Torsdag 1. mai ble det 43 km lange sykkelrittet Os Rundt arrangert for 35. gang. CK Henie er fornøyd med både deltakermengden og tidene.
– I år var det sånn at deltakarane spurde om det alltid er fint vêr på Os. No har vi hatt 15 år på rad med strålande sykkelforhold under rittet, seier Kjetil Lunde nøgd.
Det var 129 påmeldte og 123 som startet og fullførte. I tillegg var det 12 som gjennomførte utan tidtaking, 5 av dei på trimrittet på 15 km rundt Ulven.
Debuterte på 13-årsdagen
Start og mål var for begge løyper, 43 og 15 km, på Os Gymnas.
Førstemann i mål i den korte løypa var Erik Vaktskjold, som startet 13-årsdagen sin med å debutere i Os Rundt.
– Eg har deltatt i ritt før, men ikkje Os Rundt. Det var ei fin løype, seier Erik.
To andre som tok runden rundt Ulven var far og sønn Tore og Per (7) Færevaag.
– Det er første gang eg syklar så langt. Det var tungt opp Mobergsbakken, så eg er litt sliten. Men det var veldig gøy, spesielt i nedoverbakkane, synest den spreke ungguten Per Færevaag.
Reiso var raskast
Rett over klokka 11 blei det klart at Ørjan Nordtveit frå Fusa sin rekord på 1.01,04 frå 2012 blei ståande.
Men første pulje kom allereie susande opp Gymnasvegen og Svein Ivar Reiso frå Nymark IL var berre 20 sekund frå å tangera rekorden.
– Eg har deltatt i Os Rundt før, i 2012, og hadde ei god tid då òg. Men dette var kjekt, seier vinnaren til Midtsiden.
Arrangør Lunde seier det blei eit raskt ritt for fleire deltakarar.
– Feltet delte seg allereie i Mobergsbakken, noko som tyder på svært sterk kjøring allereie frå start. Det var fantastiske forhold og litt medvind siste halvdel.
Fleire ryttararar skal etter målgang ha fortalt om ny bestenotering i gårsdagens ritt.
Brattabø og Nordang beste frå Os
Beste frå CK Henie var Samund Nordang, som kom i mål på 1.04,07, knappe tre minutt bak vinnaren og godt nok til 19. plass.
Men Lars Erlend Brattabø var raskaste osing med tida 1.02,32.
Os Rundt blei gjennomført utan ulykker, anna enn ei punktering.
Sjå full resultatliste på ckhenie.no