20 nye båtplassar
Her kjem den 48 meter lange nye gjestebrygga framfor Os sjøfront på plass.
Torsdag morgon starta entreprenøren slepet av dei fire betongelementa som utgjer den nye gjestebrygga inst i moloen ved Os sjøfront og Oseana.
Les òg: Ny gjestebrygge neste veke
– Turen gjekk greitt og raskare enn vi hadde venta.
– Vi fekk medstraum så det gjekk radig, fortel Malvin Solberg frå Valen Marina.
Ferdig torsdag eller fredag
Den om lag 48 meter lange gjestebrygga består av fire element frå bølgjebrytaren som tidlegare låg i forlenging av Oseana-moloen.
Etter å ha buksert bryggja på plass, rett utanfor "holet" i moloen, skal entreprenøren festa ho til lodd dei senkjer ned på havbotn.
– Vi håper å bli ferdig med jobben i dag eller morgon formiddag.
Skeptisk til vêret
Ein av naboane i Os sjøfront betraktar det heile med ein viss skepsis.
– Det er bra med fleire båtplassar, men eg er no spent på å sjå kva brygga toler når hauststormane frå aust og søraust set inn.