Sport | 14. mars 2016

2 x NM-bronse på heimebane

Noregseliten i snooker var samla i Os i helga. To lokale deltakarar tok seg heilt til semifinale.

Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymåndag 14. mars 2016 21:21

Bildeserie:

Alle deltakarane.
Alle deltakarane.
Os stilte med seks deltakarar.
Os stilte med seks deltakarar.
To av dei kom til semifinale.
To av dei kom til semifinale.
Heimsjø mot Wolff. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Heimsjø mot Wolff. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Watts har vunne NM fire gongar dei siste åra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Watts har vunne NM fire gongar dei siste åra. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundsveen slo Watts i innleiande rundar. Her i semifinalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Rundsveen slo Watts i innleiande rundar. Her i semifinalen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Wolff leia sin semifinale, men tapte 5-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Wolff leia sin semifinale, men tapte 5-2. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Katrine Grotle var turneringsleiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Katrine Grotle var turneringsleiar. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roger Strand (t.h.) var forbundet sin representant under NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Roger Strand (t.h.) var forbundet sin representant under NM. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
1 av 9

(I ruta over ser du video av nokre av kulene som gjekk ned i semifinalane)

Laurdag og søndag blei NM i 6red snooker arrangert i Os.

Noregs eldste biljardklubb, Os Biljardklubb, har nyleg skifta namn til Os Biljard og Snookerklubb, og er Noregs yngste snookerklubb.

Eliten på plass

6 av 19 deltakarar i NM er frå Os. Noregs største snookerklubb, Trondheim, var godt representert.

– Vi hadde håpa på litt fleire deltakarar, men det viktigaste er at dei beste kom.

– Ken Simon Røed, som er ranka som nummer tre, var påmeldt, men blei sjuk. Christoffer Watts (Oslo), som er ranka som nummer éin, og Audun Risan Heimsjø (Trondheim) på rank to var på plass, fortel Reidar Rundsveen frå Os.

Slo favoritten

Deltakarane frå arrangørklubben var Kjell Henriksen, Frode Vikebø, Geir Bentzen, Kenneth Sagebakken (9. plass), Daniel Skaathun (5.plass), Rudi André Wolff og Reidar Rundsveen.

Innleiande rundar gjekk i 4 puljer med 5 og 6 deltakarar. Der var det først til 3 sigrar/best av 5.

Wolff og Rundsveen vann kvar si pulje, Rundsveen slo blant anna favoritten Watts i jakten på plass i kvartfinalen.

I sluttspelet var det første til 5/best av 9 kampar.

I kvartfinalen venta klubbkamerat Daniel Skaathun, som slo Rundsveen i treningsturnering i februar. I helga var det dei gamle som var eldst.

Wolff vann si pulje framfor Erik Dullerud. Dullerud var i februar einaste norske som tok seg vidare til sluttspelet i EM i Polen.

– Veldig gode bord

Watts flytta frå England til Noreg i 2006. Han deltok i NM for første gong i 2011, då tok han sølv. Så har han vunne fire av dei neste.

I innleiande runde tapte han 1-3 for Rundsveen, i semifinalen fekk han revansje og vann 5-1. Finalen vann han 5-0 over Audun Heimsjø.

Heimsjø slo Wolff frå Os Biljard og Snookerklubb 5-2 i semifinalen.

– Eg synest det er ein fin klubb Os har fått, og det var veldig gode bord å spela på, seier noregsmeisteren.

Her kan du sjå full resultatliste.

Til nordisk i morgon

Roger Strand frå Trondheim Snookerklubb var forbundet sin representant, og deltakar (9. plass), Katrine Grotle frå Bergen var turneringsleiar.

– I fjor blei nordisk meisterskap arrangert for første gong på 13 år, tysdag reiser vi til årets nordiske meisterskap. Då er både Noreg, Sverige, Danmark, Finland og Island representert.

Meisterskapen går i København.

– Noreg stiller med 8 deltakarar, 5 av dei var med i NM her på Os i helga. Rundsveen er del av troppen, fortel Strand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.