2 bøker – 2 filmar
Filmane bygdekinoen serverer på søndag er begge basert på populære bokseriar.
For dei som enno ikkje har planen klar for siste dag av vinterferien kan ein tur på kino vera eit godt alternativ.
Søndag kjem Bygdekinoen med filmane Karsten og Petra blir bestevenner og Beautiful Creatures til Oseana.
Karsten og Petra blir bestevenner (kl 16.00)
Sidan starten på nittitalet har born gleda seg over forfattar Tor Åge Bringsværd sitt univers om Karsten og Petra og kosedyra deira, frøken Kanin og Løveungen. No er det klart for den første spelefilmen - Karsten og Petra blir bestevenner.
Karsten skal byrja i ny barnehage og det er noko han ikkje ser fram til. Men i barnehagen møter Petra og dei blir bestevener. Begge har kvar sitt kosedyr som dei har med seg på små og store eventyr. Karsten har Løveungen, ein tøffing frå Kina som også kan utøva karate og passer på Karsten når han er redd. Frøken Kanin er Petra sin, og er ein snusfornuftig kanin som passer på at Petra held seg unna trøbbel.
Men ein dag forsvinn frøken Kanin og Petra blir heilt fortvila. Då er det godt å ha ein besteven.
Filmen er norsk og er tillat for alle.
Skodespelarar: Janne Formoe, Nora Amundsen, Elias Søvold Simonsen, Ivar Nørve, Hilde Lyrån, Markus Tønseth og Tone Johnsen.
Regi: Arne Lindtner Næss
Beautiful Creatures (kl 19.00)
Siste film på programmet søndag, Beautiful Creatures, baserer seg på første bok frå fantasyserien med samme namn.
Ethan bur i ein stille og kjedeleg småby der det aldri skjer noko nytt. Det endrar seg brått då det flyttar ei ny jente til byen. Lena Duchannes er mystisk og heilt annleis dei andre jentene frå småbyen, og Ethan blir hovudstups forelska i ho. Det viser seg at Ethan og Lena er uløyseleg knytta saman av overnaturlege hendingar som hendte lenge før dei begge var født.
Sjølv når Lena avslører at ho er ein manar med store krefter som kan vera farleg for Ethan, så klarer han ikkje halda seg vekke frå ho. Ei forbanning som gjer at Lena enten blir ond eller god på sin 16-årsdag sender dei to ut på ei desperat jakt etter å finne ein måte å bryte forbanninga.
Når mørket nærmar seg Lena, må ho velga mellom å redda Ethan, eller å halda fast ved alt anna ho er glad i.
Filmen er amerikansk og har 11-års aldersgrense.
Skodespelarar: Alden Ehrenreich , Alice Englert, Jeremy Irons, Emma Thompson, Viola Davis, Emmy Rossum, Thomas Mann, Eileen Atkins, Rachel Brosnahan
Regi: Richard LaGravenese